Kamjanske

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 48°31′00″N 34°37′00″E
Kamjanske
Кам'янське, Dneprodzerzjinsk
by
none  Leninavenuen i Kamjanske
Leninavenuen i Kamjanske
flagg
våpen
Land Flag of Ukraine.svg Ukraina
Oblast Dnipropetrovsk
Høgd 120 moh
Koordinatar 48°31′00″N 34°37′00″E
Areal 138 km²
Folketal 252 100 (2008[1])
Folketettleik 1 827 / km²
Grunnlagd 1750
Borgarmeister Stanislav Safronov
Postnummer 51900
Retningsnummer +380-5692
Ukraine location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Kamianske
Nettstad: http://www.dndz.gov.ua/

Kamjanske (ukrainsk Кам'янське), fram til 2016, Dniprodzerzjynsk (Дніпродзержи́нськ; russisk Днепродзержи́нск, Dneprodzerzjinsk) er ein industriby i Dnipropetrovsk oblast i Ukraina og ein hamneby ved Dnepr. I 2016 vedtok det ukrainske parlamentet å gi byen tilbake det gamle namnet sitt frå før 1935, i ukrainsk språkdrakt Kamjanske (Кам'янське). Byen har kring 250 000 innbyggjarar (2008)

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den romerske-katolske kyrkja seint på 1800-talet.

Byen dukka opp kring 1750 og var på denne tida dei to landsbyane Romankovo og Kamianske, som i dag utgjer den moderne byen. Byen vart kalla Kamijanske (russisk Каменское, ukrainsk Камянське) fram til 1936 då han fekk nytt namn til ære for Felix Dzerzjynskyj, grunnleggjaren av det bolsjevikiske hemmelege politiet, Tsjeka.

Den sovjetiske leiaren Leonid Brezjnev vart fødd og vaks opp i Dniprodzerzjynsk.

2. juli 1996 skjedde dei ei stygg trafikkulukke i Dniprodzerzjynsk. Ein overfylt trikk som køyrde ned ein bratt bakke i Tsjapaevagata då bremsene slutt å virke og vogna raste ned bakken, av skjenene og inn i ein skule.[2] Totalt omkom kring 30 menneske medan meir enn 100 vart skadde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «City News» (på ukrainsk). Dniprodzerzjynsk byråd home page. http://www.dndz.gov.ua/?nid=1247. Henta 10. september 2012. 
  2. Pshenichniy, Stanislav (juli 7, 2006) (på russisk), Sad Anniversary in Dneprodzerzjinsk, http://www.dneprovka.dp.ua/index.php?id_topic=923, henta 10. september 2012 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kamjanske