Kamnik-Alpane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kamnik-Alpane
fjell
Grintovec+Skuta.jpg
Grintovec (til venstre i bakgrunnen) og Skuta (til høgre i forgrunnen)
Land Flag of Slovenia.svg Slovenia, Flag of Austria.svg Austerrike
Fjellkjede Dei sørlege kalksteinsalpane
Høgd Grintovec, 2 558 moh.
Koordinatar 46°21′26″N 14°32′08″EKoordinatar: 46°21′26″N 14°32′08″E
Kart
Kamnik-Alpane
46°21′0″ N 14°34′0″ E
Wikimedia Commons: Kamnik–Savinja Alps

Kamnik-Alpane (slovensk Kamniške Alpe, tysk Steiner Alpen) er ei fjellkjede som høyrer til Dei sørlege kalksteinsalpane nord i Slovenia og langs grensa til Austerrike. Namnet kjem frå byen Kamnik. Etter den største elva i fjellkjeda, Savinja, vert fjella òg stundom kalla Savinja-Alpane (slovensk Savinjske Alpe, tysk Sannthaler eller Sulzbacher Alpen). Elva Kamniška Bistrica har kjelda si i Kamnik-Alpane. Det finst ein liten isbre nedanfor Skuta, som er den austlegaste isbreen i Dei sørlege Alpane.

Plassering[endre | endre wikiteksten]

Kamnik-Alpane ligg på grensa mellom Austerrike og Slovenia, mellom elvane Sava og Savinja. Historisk har dei danna grensa mellom hertugdøma Kärnten, Steiermark og Krain. Trippelpunktet på grensa låg ved Uršlja gora.

Fjelltoppar[endre | endre wikiteksten]

Dei viktigaste fjelltoppane er

Totalt strekkjer 28 fjell seg over 2000 meter i fjellkjeda. Den slovenske delen av kjeda dekkjer om lag 900 km². Om lag tre fjerdedelar av overflata er skogkledd, medan dei høgare toppane er trelause og berglendte.

Grenser og fjellovergangar[endre | endre wikiteksten]

I aust grenser Kamnik-Alpane til Celjehøglandet ved elva Dravinja. I nordvest ligg Karavankane og Vellachdalen.

Dei viktigaste fjellovergangane mellom Kärnten og Øvre Krain er Jezersko Pass (slobensk Jezersko sedlo tysk Seebergsattel) og Pavličpasset (slovensk Pavličevo sedlo, tysk Paulitschsattel). På den slovenske sida finst det skiområde, medan turismen i Vellachdalen er retta mot kurstader.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]