Kampeche

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kampeche
Kampeche
Kampeche
Systematikk
Rike: Plante Plantae
Infrarike: Streptophyta
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Orden: Fabales
Familie: Erteblomfamilien Fabaceae
Slekt: Haematoxylum
Art: Kampeche H. campechianum
Vitskapleg namn
Haematoxylum campechianum

Kampeche eller blåtre (Haematoxylum campechianum) er eit tropisk tre i erteblomfamilien. Det kjem frå Mellom- og Sør-Amerika, der det blir dyrka på grunn av fargestoffet hematoksylin, som finst i den raudsvarte kjerneveden. Kampeche blir brukt til farging av tøy, særleg ull og silke. Med forskjellige beisar gjev det svart, grått, blått, fiolett og raudt.

Treet hadde stor økonomisk tyding frå 1600-talet til 1800-talet, då det blei felt og eksportert til Europa for farging av tekstil og papir.[1][2] Det er framleis eit viktig fargemiddel for mikroskopiske preparat.

Kampeche-ekstrakt var også brukt som pH-indikator. Det var brunleg ved nøytral pH, gulraudt i syrlege tilhøve og lilla i basiske tilhøve.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hofenk de Graff, Judith H. (2004). The Colourful Past: Origins, Chemistry and Identification of Natural Dyestuffs. London: Archetype Books. s. 235. ISBN 1873132131. 
  2. 2,0 2,1 Hammeke, Erin (2004). «Logwood Dye on Paper» (PDF). University of Texas at Austin. Henta 2008-07-05.