Kamphandlinga til Wager

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Kamphandlinga til Wager
Del av den spanske arvefølgjekrigen
Wager's Action off Cartagena, 28 May 1708.jpg
Handlinga utanfor Cartagena, 28. mai 1708. Olje av Samuel Scott.
Dato 8. juni 1708
Stad Cartagena de Indias
Resultat Britisk siger
Partar
Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia Flagget til Spania Spania
Royal Standard of the King of France.svg Frankrike
Kommandantar
Charles Wager José Fernández de Santillán
Jean du Casse
Styrkar
5 linjeskip
1 brannskip[1]
3 gallionar
14 handelsskip[1]
Tap
ukjend 2 gallionar
1 gallion bora i senk[1]

Kamphandlinga til Wager var eit sjøslag den 8. juni 1708 mellom ein britisk skvadron under Charles Wager og den spanske sølvflåten, som ein del av den spanske arvefølgjekrigen.

Opptakt[endre | endre wikiteksten]

Våren 1708 var Charles Wager på eit tokt i Karibia med ein skvadron på fire skip:

  • «Expedition» (70) , kaptein Henry Long
  • «Kingston» (60), kaptein Simon (Timothy) Bridges
  • «Portland» (50), kaptein Edward Windsor
  • «Vulture» (8), brannskip under kommandant Caesar Brooks

I april tok skvadronen forsyningar på den vesle øya Pequeña Barú , i dag Isla El Rosario, berre 50 km frå Cartagena. Frå her vart spanjolane klar over at dei var i nærleiken og den guvernøren i Cartagena sende åtvaring til den spanske flåten, som låg ankra i Portobelo.

Likevel valte kommandanten for sølvflåten, José Fernández de Santillán, å segle ut frå Portobelo til Cartagena den 28. mai. Han kunne ikkje vente særleg lenger, fordi orkansesong var på veg, og resten av flåten, samt eskorten deira under Jean Du Casse, venta i Havanna, og truga med å reise vidare utan han.

Den spanske flåten bestod av fjorten handelsskip, ein lett armert losjiskip og tre eskorterande krigssip[1]:

  • «San José» (64) (Capitan Santillán)
  • «San Joaquín» (64) (Capitan Villanueva)
  • «Santa Cruz» (44) (Capitan de la Rosa)

Gull og sølv var lasta ombord på dei tre største fartøya. «San José» hadde 7 til 11 millionar pesos ombord og «San Joaquin» 5 millionar. «Santa Cruz» hadde resten, berre ein brøkdel av det dei to andre skipa hadde.

Slaget[endre | endre wikiteksten]

Den spanske flåten nådde Isla de Baru kvelden den 7. juni og ankra opp der. Dagen etter var det lite vind, men kring kl. 1500 oppdaga dei at skvadronen til Wager nærma seg. Spanjolane sette opp ei forsvarsstilling, men engelskmennene visste at dei måtte angripe dei største skipa, fordi dei hadde mest pengar ombord.

«Kingston» gjekk til åtak på «San Joaquin» kring 1700, som etter to timars kamp, kom seg unna i mørket ved hjelp av «Concepción».

«Expedition» gjekk til åtak på «San José» og gjekk mot skipet for å borde det. Kring 1900, etter ein og ein halv time med hard kamp og berre 60 meter mellom dei to skipa, eksploderte brått «San José» og sokk raskt. Lasta og nesten heile mannskapet forsvann med skipet. Det var berre 11 overlevande av eit mannskap på 600.

No var det mørkt, men det var fullmåne og Wager klarte å finne «Santa Cruz» kring 0200. Etter ein kort kamp, som etterlet 14 engelskmenn og 90 spanjolar døde, vart «Santa Cruz» vart kapra, men hadde nesten ikkje noko av skatten ombord. Berre 13 kister med spansk dollar og 14 sølvbarrer.

Ved daggry oppdaga engelskmennene «San Joaquin» og Wager gav ordre til «Kingston» og «Portland» om å kapre skipet. Etter nokre salvar klarte derimot «San Joaquin» å kome seg unna mot hamna i Cartagena. Engelskmennene turte ikkje følgje etter og møte kanonane ved forta i Cartagena.

Resten av den spanske flåten kom seg òg trygt fram til Cartagena, utanom «Concepción», som trengt opp i eit hjørne av engelskmennene og stranda seg sjølv på Baru Island der mannskapet sette skipet i brann.

Konklusjon[endre | endre wikiteksten]

Engelskmennene hadde eliminert tre spanske skip og hindra gull- og sølvlasta å krysse havet og slik støtte den fransk-spanske krigen økonomisk. Men Charles Wager var skuffa over byttet, som gjorde han til ein rik mann, men som kunne ha vore mange gonger større om dei hadde fått kapra –San Joaquin. Kapteinane Bridge og Windsor vart kasta ut av marinen på grunn av dette.

I dag[endre | endre wikiteksten]

Skatten frå San José ligg framleis på botn av havet. Det er estimert til ein verdi i dag på mellom $150 og $450 millionar amerikanske dollar. «San José» vert kalla «den heilage gralen av skipsvrak» og vert aktivt leita etter av skattejegerar i dag. Ei gruppe investorar kalla Sea Search Armada hevdar å ha funne skipet utanfor kysten av Colombia, men den colombianske regjeringa har ikkje klart å stadfeste dette. Ein stor rettsleg strid om rettane til skatten vart løyst i juli 2007 då colombiansk høgsterett konkluderte med at skatten skulle delast likt mellom dei colombianske styresmaktene og utforskarane. Andre hevdar å ha funne vraket andre stader, så den verkeleg plasseringa er framleis eit mysterium.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Fernández Duro, Cesáreo (1898). Armada española desde la unión de los reinos de Castilla y de León, tomo VI. Est. tipográfico "Sucesores de Rivadeneyra". s. 89. 
  2. "Seven Missing Wonders", The Wall Street Journal, 9 November 2007; Weekly Journal W1.