Hopp til innhald

The Wall Street Journal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Wall Street Journal

LandUSA[1][2][3][4][5]
TypeDagsavis, forretningsavis, vitskapleg tidsskrift,[6] nettstad[7]
FormatFullformat
Grunnlagd8. juli 1889
EigararDow Jones & Company
Grunnleggjar(ar)Charles Dow, Edward Jones, Charles Bergstresser
UtgjevarDow Jones & Company[8][9]
Sjefredaktør(er)Emma Tucker (1. februar 2023)
SpråkEngelsk[2][3][4][5]
HovudkvarterNew York by
ISSN0099-9660,[10][3][11][4][5][12] 2574-9579,[13][14] 0193-2241,[15] 1092-0935[15]
OCLC4299067,[3][16] 13785200
Nettstadhttps://wsj.com (engelsk)
Logo

The Wall Street Journal er ei internasjonal dagsavis som blir gjeven ut i New York. I 2006 hadde ho eit gjennomsnittleg dagleg opplag på over 2,1 mill., i tillegg til 400.000 abonnentar på nettutgåva.[17] Dette gjorde henne til den største avisa i USA etter USA Today. Sidan 1976 og 1983 har avisa hatt særlege utgåver i høvesvis Europa og Asia; desse utgåvene kom ut i eit opplag på kring 80.000 eksemplar kvar.

Avisa var tidlegare eigd av Dow Jones & Company. 31. juli 2007 blei ho kjøpt for 5,8 milliardar dollar av mediemagnaten Rupert Murdoch og hans News Corporation, som allereie eigde eit verdsomspennande nettverk av aviser og tv-stasjonar, som Fox News.

The Wall Street Journal dekker først og fremst nyheiter og bakgrunnsstoff om amerikansk og internasjonalt næringsliv og finansverda. I tida mars–september 2009 var opplaget 2 024 269, ei stiging på 0,6 % på eit år. The Wall Street Journal var den einaste store avisa i USA som ikkje hadde synkande opplag i denne perioden.[18]

The Wall Street Journal har kome ut utan avbrot sidan ho blei grunnlagd av Charles Dow, Edward Jones og Charles Bergstresser den 8. juli 1889. Ho har vunne den prestisjefylte pulitzerprisen ei rekkje gonger.

Hovudkonkurrenten til Wall Street Journal er engelske Financial Times, som òg finst i fleire utgåver.

  1. ↑ The ISSN portal (på engelsk, fransk, spansk, forenkla kinesisk og arabisk), Paris: ISSN International Centre, ISSN 1819-1819, ISSN 0099-9660, Wikidata Q70460099, henta 25. april 2022
  2. 1 2 «ACNP». Henta 25. april 2022.
  3. 1 2 3 4 . NLM-id 9877132 https://www.ncbi.nlm.nih.gov/nlmcatalog/9877132. Henta 25. april 2022. {{cite web}}: Missing or empty |title= (hjelp)
  4. 1 2 3 «Système universitaire de documentation». Henta 25. april 2022.
  5. 1 2 3 CiNii, NACSIS-CAT bibliografi-ID AA10651000, Wikidata Q10726338, henta 25. april 2022
  6. ↑ «HAL». Henta 25. april 2022.
  7. ↑ https://auditedmedia.com/hubfs/trust.txt. {{cite web}}: Missing or empty |title= (hjelp)
  8. ↑ . Our FAQs https://www.wsj.com/about-us. Henta 25. april 2022. «Dow Jones & Co., a unit of News Corp, publishes The Wall Street Journal» {{cite web}}: Missing or empty |title= (hjelp)
  9. ↑ App Store developer ID: 311822186; vitjingsdato: 25. april 2022.
  10. ↑ «Scopus». Henta 25. april 2022.
  11. ↑ «Library of Congress Online Catalog». Henta 25. april 2022.
  12. ↑ «BnFs generelle katalog». Henta 25. april 2022.
  13. ↑ «ACNP». Henta 25. april 2022.
  14. ↑ «LIBRIS». Henta 25. april 2022.
  15. 1 2 NDL Search, Wikidata Q117955056, henta 4. november 2024
  16. ↑ «Library of Congress Online Catalog». Henta 25. april 2022.
  17. ↑ Newspaper Circulation Falls Nearly 9% - NYTimes.com
  18. ↑ Cookies are Not Accepted - New York Times

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: The Wall Street Journal