Kandy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Koordinatar: 7°17′N 80°38′E

Kandy is located in Sri Lanka
Kandy (Sri Lanka)
Utsyn over Kandy frå eit fjell i nærleiken

Kandy (singalesisk මහ නුවර mahā nuvara, tamil கண்டி kaṇṭi) er hovudstaden for Central Province på Sri Lanka. Byen ligg om lag 500 moh. på Mahaweli-elva, på breidda av eit kunstig vatn bygd av Wickrama Rajasinha, den siste kongen for Kandy-riket. Byen har ein rik religiøs, kulturell og historisk arv, og har sidan 1988 vore på UNESCO si liste over verdsarv.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kandy vart grunnlagd i 1480 som «Senkadagalapura», eit namn med usikker tyding. Byen vart hovudstaden for det opplandske singalesiske kongedømet, ofte kalla «Kandy-riket». Kandy-riket vart verande sjølvstendig lenge etter dei andre delane av Sri Lanka kom under ulike europeiske kolonimakter, og vart dimed eit stort senter for singalesisk og buddhistisk kultur og lære. Byen kom under den britiske kolonimakta i 1815 etter at den singalesiske adelen reiste seg mot den siste kongen, som var ein tamil av sør-indisk opphav, og gav landet over til det britiske imperiet.

Byen i dag[endre | endre wikiteksten]

På grunn av si fortid som ei stormakt har Kandy ein rik kulturarv. Det finst fleire gamle tempel og bygningar i Kandy, og byen held på mange gamle tradisjonar. Den best kjende bygningen er Dalada Maligava, «tanntempelet», som var bygd mellom 1687–1707 og 1747–82, og inneheld ei av Buddha sine tenner. Knytt til tanntempelet er Esala Perahera, ei stor feiring som varer i ti dagar, og truleg er den største buddhistiske feiringa i verda. Den viktigaste delen av feiringa er eit svært opptog, med elefantar, prestar, musikarar, dansarar og trommeslagar, som ber ilåtet tanna til Buddha ligg i rundt byen.

Byen er eit senter for utdanning av di at Peradeniya University, som er rekna som det beste universitetet på Sri Lanka, ligg nær byen. Størsteparten av teen som vert dyrka på Sri Lanka kjem frå området rundt Kandy. Fjella rundt byen er ei viktig kjelde for kalkstein. Det kjem òg fleire pilegrimar og meir sekulære turistar til Kandy kvart år.

Namna[endre | endre wikiteksten]

Namnet «Kandy» kjem frå eit singalesisk ord som tyder «fjell», og har sitt opphav i ei portugisisk forkorting av Kanda Uda Rata «riket oppå fjella» eller Kanda Uda Pas Rata «dei fem landa på fjella», som var dei gamle singalesiske namna for heile området. På singalesisk er det vanlegast å kalla byen for maha nuvara, som tyder «storby» eller «hovudstad».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Kandy i Encyclopædia Britannica (2007 utgåve).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Kandy