Singalesisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Singalesisk
(සිංහල, siṁhala)
Klassifisering: Indoeuropeisk
 Indoiransk
  Indoarisk
   Singalesisk
Bruk
Tala i: Flag of Sri Lanka.svg Sri Lanka
Singalesisktalande i alt: 13 220 256[1]
Skriftsystem: Det singalesiske alfabetet
Språkkodar
ISO 639-1: si
ISO 639-2: sin
ISO 639-3: sin
Wikipedia på singalesisk

Singalesisk er eit indoarisk språk som blir tala på Sri Lanka, der det er offisielt språk.

Singalesisk er morsmål for singalesarar, den største folkegruppa på Sri Lanka, og ein del andre folkegrupper, som tamilar. Mange andre srilankarar har det som andrespråk.

Singalesisk er nært i slekt med dhivehi, som blir tala på Maldivane. På det indiske subkontinentet er gujarati frå Nordvest-India nærast i slekt. Nabospråka til singalesisk, som tamil, tilhøyrer den dravidiske språkfamilien og er dermed heilt ulike. Singalesisk har likevel likskapar i lydsystem, syntaks og ordtilfang med tamil. Det har også blitt påverka av det buddhistiske sakralspråket pali, og noko mindre av sanskrit.

Singalesisk har sitt eige alfabet som er utvikla frå brahmiskrift. Dei eldste kjende innskriftene er frå rundt 200 f.Kr. Litteraturen kan førast tilbake til 800-talet, medan ein stor mengd buddhistisk litteratur blei skriven frå rundt år 1000. Det litterære språket som blir brukt i dag fann forma si rundt 1250.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ethnologue-tal frå 1993
Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.