Kanelrose
Utsjånad
| Kanelrose | |
Kanelrose | |
| Systematikk | |
| Rike: | Planteriket Plantae |
| Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
| Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
| Orden: | Roseordenen Rosales |
| Familie: | Rosefamilien Rosaceae |
| Underfamilie: | Rosoideae |
| Slekt: | Roseslekta Rosa |
| Art: | Kanelrose R. majalis |
| Vitskapleg namn | |
| Rosa majalis | |
Kanelrose (Rosa majalis) er ei plante i roseslekta. Kanelrosa er ein 50-200 cm høg busk med underjordiske utløparar. Blomane er om lag 5 cm i diameter med mørkrosa kronblad.
I Noreg er arten registert over heile landet, men er oftast å finne på Austlandet og i Trøndelag.[1] Arten veks naturleg frå Skandinavia austover til Sibir og sør til Frankrike og Italia.
Ei kryssing mellom kanelrose og ei ukjend gallicaarose er opphavet til rosegruppa francofortuna.
Etymologi
[endre | endre wikiteksten]Det norske namnet refererer til borken på greinene som kan minne om kanel. Det latinske majalis kjem av at planta blomstrar i mai, noko som er tilfelle lenger sør i Europa.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Kanelrose», artsdatabanken.no (på norsk bokmål), henta 2020-03-01