Norvegia-ekspedisjonane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
«Norvegia»

Norvegia-ekspedisjonane syner til fire norske antarktisekspedisjonar som vart gjennomført i perioden 1927–1931. Ekspedisjonane vart primært sendt for å utforske kvalførekomstar i Sørishavet, og var finansiert av kvalfangstpioneren Lars Christensen. Ekspedisjonane annekterte òg fleire område for Noreg, blant anna Bouvetøya i 1927 og Peter I Øy i 1929, og oppdaga fleire til då ukjende landområde.

Ekspedisjonane nytta det ombygde selfangstskipet «Norvegia», som har gjeve namn til ekspedisjonane. Dei to siste ekspedisjonane nytta òg fly for rekognosering. Norvegia-ekspedisjonane vart vidareført gjennom Thorshavn-ekspedisjonane, òg finansiert av Christensen.

Den første Norvegia-ekspedisjonen[endre | endre wikiteksten]

Frå annekteringa av Bouvetøya 1. desember 1927

Den første Norvegia-ekspedisjonen (1927/28) vart leia av kaptein Harald Horntvedt og gjorde undersøkingar ved Sør-Georgia og på Bouvetøya. 1. desember 1927 gjekk ekspedisjonen i land på Bouvetøya, den første dokumenterte ilandstiginga på øya nokosinne.[1] Det norske flagget vart planta i bakken og øya erklært for norsk territorium. Ekspedisjonen gjorde vitskaplege observasjonar og kartlegging, og i havet rundt øya vart det gjort oseanografiske observasjonar. Ei lita hytte vart bygd på eit av dei få ilandstigingsstedane og vart namngjeven Ny Sandefjord.

I planane inngjekk det òg å nå fram til Enderby Land og utforske området vidare mot Weddellhavet. Dette klarte dei derimot ikkje å gjennomføre.[2]

Det vart gjort meteorologiske og oseanografiske undersøkingar av cand.mag Ditlef Rustad og amanuensis Håkon Mosby, og dessutan vitskapleg arbeid over krill, den viktigaste kvalføden, av zoologen dr. Ola Olstad.[3] Geologiske undersøkingar vart gjort av Olaf Holtedahl.

Den andre Norvegia-ekspedisjonen[endre | endre wikiteksten]

Frå annekteringa av Peter I Øy 2. februar 1929

Den andre Norvegia-ekspedisjonen (1928/29) vart leia av Ola Olstad. Kaptein på «Norvegia» var Nils Larsen, som hadde delteke på den første ekspedisjonen som førstestyrmann. Det vart gjort undersøkingar frå Bouvetøya til vest for Sør-Shetlandsøyane. 2. februar 1929 vart den første ilandstiginga på Peter I Øy gjennomført, og øya vart annektert for Norge. Det vart bygt ei hytte på øya og etablert eit depot for eventuelt seinare ekspedisjonar.[4]

Ekspedisjonen hadde òg til føremål å etablere ein bemanna meteorologisk radiostasjon på Bouvetøya, men fann ikkje noko eigna stad. Hytta som vart sett opp året før var borte og ekspedisjonen sette opp to nye hytter, ei på Kapp Circoncision og ei på Larsøya.

Den tredje Norvegia-ekspedisjonen[endre | endre wikiteksten]

Finn Lützow-Holm plantar det norske flagget i Enderby Land

Den tredje Norvegia-ekspedisjonen (1929/30) vart leia av Hjalmar Riiser-Larsen, og Nils Larsen var òg denne gongen kaptein på «Norvegia». Hovudmålet med ekspedisjonen var å gjennomføre den mislukka planen frå den første Norvegia-ekspedisjonen med å nå frem til Enderby Land på det antarktiske kontinentet og utforske områda vidare til Weddellhavet. Det skulle òg gjerast forsøk å nå inn til land, dersom tilhøva gjorde det mogeleg. Det skulle òg gjennomførast oseanografiske og meteorologiske undersøkingar.

Flygarane Riiser-Larsen og Finn Lützow-Holm nytta fly til å rekognosere, kartlegge og fotografere. Dette var første gong ein antarktisk ekspedisjon brukte fly til vitskapelege føremål.[5] Bouvetøya vart kartlagt og fotografert frå lufta, og òg denne gongen vart det sett opp to depothytter på øya, ei på Kapp Circoncision og ei mindre på Larsøya.

Etter å ha vitja Bouvetøya, gjekk turen vidare mot det antarktiske kontinentet. 22. desember 1929 landet Riiser-Larsen og Lützow-Holm på Enderby Land og planta det norske flagget. Seinare vart vestkysten av Enderby Land kartlagt, og Kronprins Olav Kyst og Kronprinsesse Märtha Kyst vart oppdaga og kartlagt.

Den sesongmessige variasjonen av pakkisen under påverknad av straum og vind vart observart. Det vart òg henta vassprøver og planktonprøver, samt kartlagd nye kvalfelt.[2]

Den fjerde Norvegia-ekspedisjonen[endre | endre wikiteksten]

Den fjerde Norvegia-ekspedisjonen (1930/31) var frå starten leia av Gunnar Isachsen, med Nils Larsen som kaptein. Det vart først gjort ei reise kring hele kontinentet med føremål å kartlegge kvalførekomstar og gjere oseanografiske, meteorologiske og biologiske undersøkingar. Det vart òg leita etter Trulsøya, Nimrodøyane og Doghertyøya som tidlegare var blitt rapportert observert, men resultatlaus leiting førte til konklusjonen at dei må ha vore isfjell.

Frå februar 1931 overtok Hjalmar Riiser-Larsen leiinga av ekspedisjonen, som inkluderte ytterlegare rekognosering og kartlegging frå fly. Den 17. februar 1931 vart Prinsesse Ragnhild Kyst annektert.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Olav Orheim (2008). «Hvordan Norge fikk Dronning Maud Land». Norge i Antarktis. Schibsted Forlag. s. 51-52. ISBN 978-82-516-2589-0. 
  2. 2,0 2,1 «Norvegia III». Norsk Polarhistorie. Henta 12. januar 2009.  Ekstern lenkje i |utgjevar= (hjelp) Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; namnet «NorvegiaIII» er definert fleire gonger med ulikt innhald
  3. «Norvegia I». Norsk Polarhistorie. Henta 12. januar 2009.  Ekstern lenkje i |utgjevar= (hjelp)
  4. «Norvegia II». Henta 12. januar 2009.  Parameteren |utgiver= er ikkje støtta av malen. (hjelp)
  5. Susan Barr (1987). Norway's Polar Territories (engelsk). Aschehoug. s. 58-64. 
  6. «Norvegia IV». Norsk Polarhistorie. Henta 12. januar 2009.  Ekstern lenkje i |utgjevar= (hjelp)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]