Kappverdestormsvale

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kappverdestormsvale
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Aequornithes
Orden: Stormfuglar Procellariiformes
Familie: Stormsvalefamilien Hydrobatidae
Slekt: Hydrobates
Art: Kappverdestormsvale H. jabejabe
Vitskapleg namn
Hydrobates jabejabe

Kappverdestormsvale (Hydrobates jabejabe) er ein mellomstor medlem av stormsvalefamilien som lever i Aust-Atlanteren rundt Kapp Verde.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Kappverdestormsvala er 18,5 til 20,5 centimeter i kroppslengd. Ho er svært mørk, men oversida av hovudet og dekkfjørene på vengene er litt bleikare med bruntone. Elles er alt nær svart bortsett frå overgumpen som er kvit, og det kvite feltet strekker seg ned mot undersida. Nebbet er relativt langt, halen har rett bakkant eller berre umerkeleg 'hakk' mot midten.[1]

Denne arten kan skiljast frå andre Oceanodroma-stormsvaler på lætet og på molekylære data. Dei er endemiske for Kapp Verde og kjente hekkeplassar er på øyane Cima, Branco og Raso. Dei beitar i eit nokså avgrensa område i austlege Atlanterhavet grovt rekna mellom 4 og 26 grader nord. Storleiken på populasjonen var estimert til ca. 1000 hekkande par i 1994-1995.[2]

Kappverdestormsvala vart tidlegare rekna som same arten som passatstormsvale. Rundt 2009 blei både kappverdestormsvale og asorstormsvale, O. monteirei, splitta ut.[3] Kappverdestormsvale er òg lista i eit vedlegg til ein artikkel om namneendringar på fugleartar hos Norsk Ornitologisk Forening i 2014.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Kirwan, G.M. (2020) Cape Verde Storm-Petrel (Oceanodroma jabejabe) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 3. februar 2020
  2. Nuno Oliveira et al, Possible breeding of Cape Verde storm - petrel Oceanodroma jabejabe (Bocage, 1875) on Santa Luzia, Cape Verde Islands, Short note, Zoologia Caboverdiana 4 (1):17-20
  3. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (august 2009), Updates & Corrections: August 2009, The Clements checklist of birds of the world: Version 6.4, Page 14, Band-rumped Storm-Petrel Oceanodroma castro, Cornell Lab of Ornithology
  4. Syvertsen, P. O., Norsk navnekomité for fugl (NNKF). Endringer i norske navn på fuglearter i Vest-Palearktis. (Vedlegg) Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 7.8.2014)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Kappverdestormsvale