Hydrobates
Hydrobates | |
Gråstormsvale, Hydrobates furcata Foto: C. Schlawe, US Fish & Wildlife service
| |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Overorden: | Aequornithes |
Orden: | Stormfuglar Procellariiformes |
Familie: | Stormsvalefamilien |
Slekt: | Hydrobates |
Hydrobates er ei biologisk slekt og den einaste slekta i ein familie av stormsvaler. Dette er pelagiske sjøfuglar som er medlem av ordenen stormfuglar, Procellariiformes. I ein periode, og framtil nyleg, var dette taksonet rekna som ein underfamilie av ein samla stormsvalefamilie, Hydrobatidae.[1]
Skildring
[endre | endre wikiteksten]- Sjå òg artikkelen om stormsvaler for utfyllande skildring av morfologi, levevis og leveområde
Artane i slekta Hydrobates har kroppslengd som spenner i området mellom 13 centimeter for dvergstormsvaler til 27 cm for hawaiistormsvaler. Kroppsvekta kan variere mellom 14 gram og over 100 gram høvesvis for dei to artane. Alle har relativt lange venger og bein som er kortare enn halen i flukt. Mange, men ikkje alle, har gaffelforma eller sterkt kileforma halar. 8 av dei 17 nolevande artane 'manglar' kvit overgump. Dei øvrige artane er for det meste mørke i farga med varierande mengder av kvitt på overgumpen. Popuasjonar av arten stormsvale i Stillehavet manglar kvit overgump. To artar bryt med desse mønstra, ringstormsvala som har kvit underside og kvite markeringar i strupe og andlet, og gråstormsvala som har bleik, grå fjørdrakt.[2]
Artane i denne slekta hekkar og lever generelt på den nordlege halvkula, jamvel om nokre artar migrerer på lange trekk òg sør for ekvator. Perustormsvala hekkar sør for ekvator.
Artane havsvale og stormsvale hekkar på Røst i Noreg.
Truslar og vern
[endre | endre wikiteksten]Fleire artar i Hydrobates-slekta er trua av menneskeleg aktivitet.[3] Av 17 artar er berre 8 klassifiserte som livskraftige, LC. Guadalupestormsvale har ikkje blitt observert sidan 1906 og dei fleste autoritetar reknar arten som utdøydd. Ein annan art, kaliforniastormsvale, er oppført som truga av IUCN på grunn av ein 42 % nedgang over tjue år,[4] og fem andre artar er òg oppførte som sårbare eller verre. I tillegg er to artar så dårleg kjente at dei er oppførte som «mangelfulle data». Ein kjenner ikkje hekkestadane for ringstormsvale.
Stormsvalene i denne slekta står overfor dei same truslane som andre sjøfuglar, spesielt er dei trua av introduserte artar. Guadalupestormsvala vart driven til utrydding av villkattar,[5] og slike introduserte rovdyr er òg årsak til nedgang blant andre artar. Habitatdegradering som avgrensar hekkeområda årsaka av introduserte geiter og griser er òg eit problem, spesielt viss det aukar konkurransen frå meir aggressive gravande petrellar.
Oversyn artar, status og hekkelokalitetar
[endre | endre wikiteksten]Slekta Hydrobates i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V12.1, 2022,[6] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[7]
Artsnamn | Vitskapleg namn | Status | Populasjon | Trend | Hekkeplass |
Havsvale | H. pelagicus | LC | 1,3-1,5 mill | ukjent | Nordvestre Atlanteren, rangert etter kolonistorleik: Nólsoy, (Færøyane), Storbritannia, Irland og Island, dessutan små koloniar i andre europeiske land som Noreg (Røst), Spania og Hellas. |
Gråstormsvale | H. furcata | LC | >6 mill | aukande | nordlege Stillehavet frå Kurilane til kysten av Alaska |
Ringstormsvale | H. hornbyi | NT | 500-800 000*) | ukjent | ukjent, (kysten frå nordlege Chile langs Peru, kanskje inne i Atacama) |
Japanstormsvale | H. monorhis | NT | 65-260 000*) | minkande | Verkhovsky-øya ved sørlege Vladivostok, og ved Japan |
Iwostormsvale | H. matsudairae | VU | >20 000 | ukjent | Iwo-øyane, Japan |
Stormsvale | H. leucorhoa | VU | 6,7-8,3 mill par | minkande | globalt på den nordlege halvkula, inklusive Røst og Erkna i Noreg.[8] |
Somarstormsvale | H. socorroensis | EN | 2500-10 000*) | minkande | eng: Townsend's storm petrel, Townsend 1890, hekkar sommarstid på øyar utanfor Guadalupe |
Vinterstormsvale | H. cheimomnestes | VU | 2500-10 000*) | stabil | eng: Ainley's storm petrel, Ainley 1980, hekkar vinterstid på øyar utanfor Guadalope |
Kaliforniastormsvale | H. homochroa | EN | 5 200 -10 000 | minkande | øyar utanfor California, sørover til Coronados-øyane utanfor nordlege Mexico |
Passatstormsvale | H. castro | LC | 150 000 | minkande | på øyar i Aust-Atlanteren og nordlege Stillehavet |
Asorstormsvale | H. monteiroi | VU | 350-1500 | stabil | to holmar ved øya Graciosa i Azorane |
Kappverdestormsvale | H. jabejabe | LC | >10 000*) | minkande | Bolton, 2007. Lever i Nord-Atlanteren, særleg rundt Kapp Verde-øyane |
Dagstormsvale | H. tethys | LC | >500 000 | minkande | øyar utanfor Amerika frå Baja California, Mexico til nordre Chile, inklusive Galapagosøyane |
Bajastormsvale | H. melania | LC | 600 000*) | minkande | øyar utanfor sørlege California og Baja California, Mexico |
Perustormsvale | H. markhami | NT | 150 000-180 000 | minkande | Paracas naturreservat, Peru, inne i Atacamaørkenen, og andre mindre koloniar i Chile |
Hawaiistormsvale | H. tristrami | LC | 30 000 | stabil | Hawaii |
Dvergstormsvale | H. microsoma | LC | ukjent, kanskje millionar | stabil | øyar i Californiabukta og på vestkysten av Baja California Sur |
I tillegg kjem arten guadalupestormsvale, Hydrobates macrodactyla, som er rekna som utdøydd.
Kolonnar i tabellen over:
- Status er arten sin kategori i den globale raudlista til Verdas naturvernunion, IUCN
- Populasjon er estimert storleik på bestand av individ, inkludert ungfuglar
- *) berre kjønnsmodne individ
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- (2019). Hydrobatidae i del Hoyo, Carboneras, C., Jutglar, F. & Kirwan, G.M. (red.) Liste av artar i Hydrobatidae, 25. februar 2019
- Referansar
- ↑ Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, and D. Roberson. 2018. Updates & Corrections - August 2018 Bolk «pages 13-14, 699, Southern Storm-Petrels Oceanitidae om godtaking av Oceanitidae som ein ny familie. Henta 25. februar 2019
- ↑ Onley, D.; Scofield P. (2007). Albatrosses, Petrels and Shearwaters of the World. Princeton University Press, Princeton, New Jersey. ISBN 978-0-691-13132-0
- ↑ Søk 'Hydrobatidae' i IUCN Raudliste
- ↑ Sydeman, W.; Nurr, N.; McLaren, E.; McChesney, G. (1998). «Status and Trends of the Ashy Storm Petrel on Southeast Farallon Island, California, based upon capture-recapture analyses». Condor 100 (3): 438–447. JSTOR 1369709. doi:10.2307/1369709.
- ↑ Foreløpige tal for nedgangen av guadalupestormsvale – Thayer, J.; Bangs, O (1908). «The Present State of the Ornis of Guadaloupe Island» (PDF). Condor 10 (3): 101–106. JSTOR 1360977. doi:10.2307/1360977. Arkivert frå originalen (PDF) 5. februar 2012. Henta 26. april 2019.
- ↑ Gill F, D Donsker & P Rasmussen (Eds). 2022. IOC World Bird List (v12.1). doi : 10.14344/IOC.ML.12.1 Henta 26. februar 2022
- ↑ Syvertsen, P. O., Bergan, M., Hansen, O. B., Kvam, H., Ree, V. & Syvertsen, Ø. 2020. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening https://www.birdlife.no/fuglekunnskap/navn/
- ↑ Tomas Aarvak & Ingar Jostein Øien, Kartlegging av hekkande havsvaler og stormsvaler, 2006, Norsk Ornitologisk Forening