Hydrobates

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Stormsvalefamilien)
Hydrobates
Gråstormsvale, Hydrobates furcata Foto: C. Schlawe, US Fish & Wildlife service
Gråstormsvale, Hydrobates furcata
Foto: C. Schlawe, US Fish & Wildlife service
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Aequornithes
Orden: Stormfuglar Procellariiformes
Familie: Stormsvalefamilien
Slekt: Hydrobates

Hydrobates er ei biologisk slekt og den einaste slekta i ein familie av stormsvaler. Dette er pelagiske sjøfuglar som er medlem av ordenen stormfuglar, Procellariiformes. I ein periode, og framtil nyleg, var dette taksonet rekna som ein underfamilie av ein samla stormsvalefamilie, Hydrobatidae.[1]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg artikkelen om stormsvaler for utfyllande skildring av morfologi, levevis og leveområde

Artane i slekta Hydrobates har kroppslengd som spenner i området mellom 13 centimeter for dvergstormsvaler til 27 cm for hawaiistormsvaler. Kroppsvekta kan variere mellom 14 gram og over 100 gram høvesvis for dei to artane. Alle har relativt lange venger og bein som er kortare enn halen i flukt. Mange, men ikkje alle, har gaffelforma eller sterkt kileforma halar. 8 av dei 17 nolevande artane 'manglar' kvit overgump. Dei øvrige artane er for det meste mørke i farga med varierande mengder av kvitt på overgumpen. Popuasjonar av arten stormsvale i Stillehavet manglar kvit overgump. To artar bryt med desse mønstra, ringstormsvala som har kvit underside og kvite markeringar i strupe og andlet, og gråstormsvala som har bleik, grå fjørdrakt.[2]

Artane i denne slekta hekkar og lever generelt på den nordlege halvkula, jamvel om nokre artar migrerer på lange trekk òg sør for ekvator. Perustormsvala hekkar sør for ekvator.

Artane havsvale og stormsvale hekkar på Røst i Noreg.

Truslar og vern[endre | endre wikiteksten]

Nedgangen i bestanden av kaliforniastormsvaler har ført til at arten er erklært trua av IUCN.
Foto: Duncan Wright

Fleire artar i Hydrobates-slekta er trua av menneskeleg aktivitet.[3] Av 17 artar er berre 8 klassifiserte som livskraftige, LC. Guadalupestormsvale har ikkje blitt observert sidan 1906 og dei fleste autoritetar reknar arten som utdøydd. Ein annan art, kaliforniastormsvale, er oppført som truga av IUCN på grunn av ein 42 % nedgang over tjue år,[4] og fem andre artar er òg oppførte som sårbare eller verre. I tillegg er to artar så dårleg kjente at dei er oppførte som «mangelfulle data». Ein kjenner ikkje hekkestadane for ringstormsvale.

Stormsvalene i denne slekta står overfor dei same truslane som andre sjøfuglar, spesielt er dei trua av introduserte artar. Guadalupestormsvala vart driven til utrydding av villkattar,[5] og slike introduserte rovdyr er òg årsak til nedgang blant andre artar. Habitatdegradering som avgrensar hekkeområda årsaka av introduserte geiter og griser er òg eit problem, spesielt viss det aukar konkurransen frå meir aggressive gravande petrellar.

Oversyn artar, status og hekkelokalitetar[endre | endre wikiteksten]

Slekta Hydrobates i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V12.1, 2022,[6] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[7]

Artsnamn Vitskapleg namn Status Populasjon Trend Hekkeplass
Havsvale H. pelagicus LC 1,3-1,5 mill ukjent Nordvestre Atlanteren, rangert etter kolonistorleik: Nólsoy, (Færøyane), Storbritannia, Irland og Island, dessutan små koloniar i andre europeiske land som Noreg (Røst), Spania og Hellas.
Gråstormsvale H. furcata LC >6 mill aukande nordlege Stillehavet frå Kurilane til kysten av Alaska
Ringstormsvale H. hornbyi NT 500-800 000*) ukjent ukjent, (kysten frå nordlege Chile langs Peru, kanskje inne i Atacama)
Japanstormsvale H. monorhis NT 65-260 000*) minkande Verkhovsky-øya ved sørlege Vladivostok, og ved Japan
Iwostormsvale H. matsudairae VU >20 000 ukjent Iwo-øyane, Japan
Stormsvale H. leucorhoa VU 6,7-8,3 mill par minkande globalt på den nordlege halvkula, inklusive Røst og Erkna i Noreg.[8]
Somarstormsvale H. socorroensis EN 2500-10 000*) minkande eng: Townsend's storm petrel, Townsend 1890, hekkar sommarstid på øyar utanfor Guadalupe
Vinterstormsvale H. cheimomnestes VU 2500-10 000*) stabil eng: Ainley's storm petrel, Ainley 1980, hekkar vinterstid på øyar utanfor Guadalope
Kaliforniastormsvale H. homochroa EN 5 200 -10 000 minkande øyar utanfor California, sørover til Coronados-øyane utanfor nordlege Mexico
Passatstormsvale H. castro LC 150 000 minkande på øyar i Aust-Atlanteren og nordlege Stillehavet
Asorstormsvale H. monteiroi VU 350-1500 stabil to holmar ved øya Graciosa i Azorane
Kappverdestormsvale H. jabejabe LC >10 000*) minkande Bolton, 2007. Lever i Nord-Atlanteren, særleg rundt Kapp Verde-øyane
Dagstormsvale H. tethys LC >500 000 minkande øyar utanfor Amerika frå Baja California, Mexico til nordre Chile, inklusive Galapagosøyane
Bajastormsvale H. melania LC 600 000*) minkande øyar utanfor sørlege California og Baja California, Mexico
Perustormsvale H. markhami NT 150 000-180 000 minkande Paracas naturreservat, Peru, inne i Atacamaørkenen, og andre mindre koloniar i Chile
Hawaiistormsvale H. tristrami LC 30 000 stabil Hawaii
Dvergstormsvale H. microsoma LC ukjent, kanskje millionar stabil øyar i Californiabukta og på vestkysten av Baja California Sur

I tillegg kjem arten guadalupestormsvale, Hydrobates macrodactyla, som er rekna som utdøydd.

Kolonnar i tabellen over:

Status er arten sin kategori i den globale raudlista til Verdas naturvernunion, IUCN
Populasjon er estimert storleik på bestand av individ, inkludert ungfuglar
*) berre kjønnsmodne individ

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, and D. Roberson. 2018. Updates & Corrections - August 2018 Bolk «pages 13-14, 699, Southern Storm-Petrels Oceanitidae om godtaking av Oceanitidae som ein ny familie. Henta 25. februar 2019
  2. Onley, D.; Scofield P. (2007). Albatrosses, Petrels and Shearwaters of the World. Princeton University Press, Princeton, New Jersey. ISBN 978-0-691-13132-0
  3. Søk 'Hydrobatidae' i IUCN Raudliste
  4. Sydeman, W.; Nurr, N.; McLaren, E.; McChesney, G. (1998). «Status and Trends of the Ashy Storm Petrel on Southeast Farallon Island, California, based upon capture-recapture analyses». Condor 100 (3): 438–447. JSTOR 1369709. doi:10.2307/1369709. 
  5. Foreløpige tal for nedgangen av guadalupestormsvale – Thayer, J.; Bangs, O (1908). «The Present State of the Ornis of Guadaloupe Island» (PDF). Condor 10 (3): 101–106. JSTOR 1360977. doi:10.2307/1360977. Arkivert frå originalen (PDF) 5. februar 2012. Henta 26. april 2019. 
  6. Gill F, D Donsker & P Rasmussen (Eds). 2022. IOC World Bird List (v12.1). doi : 10.14344/IOC.ML.12.1 Henta 26. februar 2022
  7. Syvertsen, P. O., Bergan, M., Hansen, O. B., Kvam, H., Ree, V. & Syvertsen, Ø. 2020. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening https://www.birdlife.no/fuglekunnskap/navn/
  8. Tomas Aarvak & Ingar Jostein Øien, Kartlegging av hekkande havsvaler og stormsvaler, 2006, Norsk Ornitologisk Forening

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Hydrobates