Karbamidsyre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Strukturen til karbamidsyre
Modell av karbamidsyre

Karbamidsyre eller karbaminsyre er ei ustabil organisk syre som ikkje er kjend i fri tilstand, men som salt, esterar og andre derivat. Ho er halvamidet til karbonsyre og har kjemisk formel H2NCOOH.

Derivat[endre | endre wikiteksten]

Av salta er ammoniumsaltet (H2NCOONH4) mest kjent. Det vert danna av karbondioksid og ammoniakk og er eit mellomtrinn i ureasyntesen. Det er med i hjortetakksalt og vert nytta som gjødningsmiddel.

Esterane av karbamidsyre vert kalla uretan og ei rad av dei vert nytta medisinsk. Eit kjent lækjemiddel med uretanoppbygging er meprobamat. Polyuretan og uretanharpiksar er polymerar som har ei stor rolle i måling- og plastindustrien.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«karbamidsyre» i Store norske leksikon, snl.no. Henta 25. februar 2017.

Spire Denne kjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.