Kardemomme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kardemomme

Cardamom plant.jpg

Vitskapleg namn
Elettaria cardamomum
Utbreiing
Habitat: terrestrisk
Utbreiing: Malabarkysten, Sør-India, Søraust-Asia, Jamaica, Australia
Systematikk
Orden: Zingiberales
Familie: ingefærfamilien

Kardemomme er ei fleirårig urt i ingefærfamilien med frø som blir brukt som krydder. Arten stammar frå Malabarkysten sør i India. Ein dyrkar kardemomme særleg i Sri Lanka, Søraust-Asia, Jamaica, Guatemala og Australia.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Botanisk illustrasjon av kardemomme frå Köhlers Medizinal Pflantzen (1887).

Frå ein jordstengel veks det opp 4–5 m høge bladberande skot og 0,5 m høge blomstrande skot. Blada er lansettforma og mørkegrøne på oversida og lyst grøne på undersida. Blomane sit i klasar og er røyrforma, usymmetrisk bygde, med grønkvite kronblad og begerblad. Den iaugefallande delen av blomen består av ein omdanna kvit pollenberar med djupraude striper. Frukta er ei treromma kapselfrukt med brune til svarte, aromatiske frø.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Kardemomme er eit urgammalt krydder med eit ujamnt geografisk forbruksmønster. Nesten halve verdsproduksjonen blir brukt i den nære Austen, særleg Saudi-Arabia, og i Skandinavia. Innan arabisk matlaging blir kardemommem særleg brukt til å smaksetja kaffi, og i indisk blir krydderet tilsett te, karriblandingar og til å tyggjast saman med betelblad. I skandinavisk mattradisjon blir kardemomme brukt i bakverk og enkelte kjøtrettar.

Kardemommeolje blir brukt i enkelte likørar.

Andre krydder med kardemomme i namnet er mellom anna siamkardemomme, javakardemomme, bastardkardemomme og svart kardemomme frå slekta Amomum.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]