Kardinalmaurtanagar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kardinalmaurtanagar
Kardinalmaurtanagar Foto: Ron Knight
Kardinalmaurtanagar
Foto: Ron Knight
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Kardinalmaurtanagar
Utbreiinga av Kardinalmaurtanagar
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Parvorden: Passerida
Overfamilie: Passeroidea
Familie: Kardinalar Cardinalidae
Slekt: Maurtanagarar Habia
Art: Kardinalmaurtanagar H. cristata
Vitskapleg namn
Habia cristata

Kardinalmaurtanagar (Habia cristata) er ein fugl i kardinalfamilien. Denne fargerike arten lever på vestskråninga av den vestre fjellkjeda av Andes i Colombia. Utbreiinga dekker ei stripe frå omtrent ved byen Argelia lengst sør i Cauca-departementet i sør nordover til området ved Dabeida i Antioquia-departementet. Jamvel om maurtanagarar deler dette fellesnamnet er dei ikkje tanagarar etter dagens taksonomi, men kardinalar.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Dette er ein mykje fargerik kardinal, hannen har raudt hovud og hals, og ein markert raud fjørtopp som reisast opp. Fjørdrakta er elles er gråleg med djup raudfarge, reinare grå på undersida og sidene. Hoa har kortare fjørtopp og er noko meir avdempa i fargene. Kardinalmaurtanagarar lever lågt i underskog, fuktig skog og helst ved rennande vatn i bratte skråningar, frå 700 til 2000 moh.[1] Dei jager etter insekt, beitar nokre gonger litt frukt, i små grupper på 2 til 5 individ eller i fleirartsflokkar.

Populasjonen er ikkje estimert og er trudd å vere minkande. Arten er klassifisert som livskraftig.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Hilty, 2001
  2. BirdLife International (2015)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]