Karen Grønn-Hagen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Karen Grønn-Hagen
Fødd27. november 1903
Tynset
Død19. desember 1982
NasjonalitetNoreg
PartiSenterpartiet
Yrkepolitikar
BarnPer N. Hagen

Karen Grønn-Hagen (27. november 190319. desember 1982), fødd i Tynset, var ein norsk politikar frå Senterpartiet og gardbrukar frå Tynset.

Ho var stortingsrepresentant for Hedmark 1955-57 og 1961-65. I den første perioden var ho vald som vararepresentant, men møtte som fast representant etter at Einar Frogner døydde 10. juli 1955. Ho var statsråd og sjef for Familie- og forbrukardepartementet (familie- og forbrukarminister) i John Lyng si regjering i 1963. Ho var den første kvinnelege stortingsrepresentanten for Senterpartiet, den første kvinnelege statsråden i ei borgarleg regjering, og den fjerde kvinnelege statsråden i Noreg.

Karen Grønn-Hagen hadde artium frå 1922 og husmorskule. Ho arbeidde som budeie, lærarvikar, husmor og som bonde frå 1929. Ho er mor til Senterparti-politikaren Per N. Hagen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • forskningsradet.no Ingunn Norderval: Politisk-biografisk artikkel om Grønn-Hagen og tre andre kvinnelege statsrådar