Tynset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tynset
tettstad
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Hedmark
Kommune Tynset
Areal 2,88 km²
Folketal 2 648 (2015)
Folketettleik 919 / km²
Postnummer 2500 TYNSET
Innbyggjarnamn tynseting
Preposisjon Tynset
Wikimedia Commons: Tynset (village)
Tynset sett frå Tynsetbygda ein vinterdag med Tronfjellet i bakgrunnen

Tynset, lokalt uttala Tønset, er ein tettstad og administrerande senter i Tynset kommune i Hedmark med 2 648 innbyggjarar per 1. januar 2015.

Staden har utvikla seg til eit regionsenter for Nord-Østerdalen. Her ligg sjukehuset Innlandet Tynset, og Nord-Østerdal tingrett har kontora sine på Tynset. Her er det òg grunnskule og vidaregåande skule.

Næringar[endre | endre wikiteksten]

Jordbruket er ein svært viktig næringsveg i kommunen, og det rikaste jordbruksarealet ligg ved Glåma der tettstaden Tynset ligg. Sidan Tynset ligg rimeleg høgt er jordbruket konsentrert om dyrking av gras til mjølkeproduksjon. Bygg kan nå modning i gunstige år, og det er òg ein del sauehald. Veksten til tettstaden skjer i samanstøyt med interessene for jordbruk.

På Tynset er det offentleg sektor og tenesteytande næringar innan handel, data, jus, økonomi og bygg og anlegg som dominerer. Fleire statlege, fylkeskommunale og interkommunale tiltak er tillagt Tynset. Mykje av funksjonen som regionsenter er knytt til tettstaden som skulesenter og lokaliseringa av sjukehuset Innlandet Tynset. Kulturhuset på Tynset er vorte eit levande og pulserande hus til bruk for Tynset og folket i Nord-Østerdalen.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Tynset ligg sentralt i høve kommunikasjon. Langsetter Glåma, i retning sør, går Riksveg 3 og Rørosbanen til Elverum. Jarnbanen går vidare nordaustover langsetter Glåma og Rv3 går i retning nordvest gjennom kommunen og til Ulsberg. Fylkesveg 30 går nordover gjennom Tylldalen frå Øvre Rendal, kryssar Glåma attmed Tynset og går vidare langsetter vestsida av elva mot Tolga. Ei 125 m lang fagverksbru i limtre med spenn på 70 m opna i 2001. Mykje trafikk gjennom desse vegane har styrkt Tynset som turistområde. Nært Savalen er det skipa anlegg for vintersport.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]