Karen Mjør
Hopp til navigering
Hopp til søk
Karen Mjør | |
Fødd | 22. juni 1995 |
---|---|
Nasjonalitet | Norsk |
Yrke | Student |
Verv | Leiar i Sunnhordland Målungdom Nestleiar i Stord AUF Debattansvarleg i Styret ved Studentersamfundet i Trondhjem |
Karen Mjør (fødd 22. juni 1995 på Utne i Hardanger) er ein norsk ungdomspolitikar og målkvinne frå Stord. Ho har i fleire år vore leiar i Sunnhordland Målungdom, som vart kåra til årets lokallag i Norsk Målungdom i 2013.[1] [2] Ho er også nestleiar i Stord AUF.[3] Mjør er engasjert i skuledebatt og lokalpolitikk, med fokus lokal kollektivtrafikk og målsaka.[1][4] Ho er oppteken av å få meir bruk av nynorsk i nasjonale media. Ho ønsker betre sidemålsopplæring,[1] men var positiv då Stord vidaregåande skule prøvde ut éin norskkarakter hausten 2013.[5] Ho har gått på Stord vidaregåande skule og på Sund folkehøgskule.[5] I nyare tid har ho vore aktiv i Studentersamfundet i Trondhjem.[6]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Tora Hope (15. mai 2013). «Sta nynorskleiar». Framtida. Henta 16. februar 2015.
- ↑ «Kåra til «Årets Lokallag»», Stordnytt, 15. juli 2013, henta 16. februar 2015
- ↑ Hope, Tora (1. mai 2013), «– Er du misnøgd, så engasjer deg», Framtida, henta 16. februar 2015
- ↑ «Bolleaksjonen for betre busstilbod». Stordnytt. 17. april 2013. Henta 16. februar 2015.
- ↑ 5,0 5,1 Andrea Rygg Nøttveit (6. november 2013). «Ein av tre vil samla norskkarakteren». Framtida. Henta 16. februar 2015.
- ↑ «Studentersamfundet i Trondhjem», www.samfundet.no (på norsk), henta 12. september 2019