Dokka
| Dokka | |||
| tettstad | |||
Dokka sentrum | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Innlandet | ||
| Kommune | Nordre Land | ||
| Areal | 3,4 km² | ||
| Folketal | 2 944 (2024) | ||
| Folketettleik | 866 / km² | ||
| Postnummer | 2870 DOKKA | ||
| Preposisjon | på Dokka | ||
![]() Dokka 60°50′24″N 10°03′43″E / 60.84°N 10.06181°E | |||
| Wikimedia Commons: Dokka | |||

Dokka er ein tettstad og administrasjonssenteret i Nordre Land kommune i Innlandet fylke. Tettstaden har 2 944 innbyggjarar per 1. januar 2024 og ligg like nord for Randsfjorden. Dokka er handelsstad for bygdene omkring, og har fleire kjøpesenter: Bergfossenteret, Bondlidsenteret og Sentrum. Ei helg i juni har Dokka sine «Sommardagar».
Dokka har barneskule, ungdomsskule, vidaregåande skule, fleire barnehagar, eit eldreheim, ungdomssklubb og bibliotek.
Kommunikasjon
[endre | endre wikiteksten]Riksveg 33 (Rv33) kjem sørfrå, langs austsida av Randsfjorden. Den fortsett nordvestover til Etnedal og Bjørgo. Riksveg 245 (Rv245) går sørover på vestsida av Randsfjorden. Riksveg 250 (Rv250) går gjennom/forbi Aust-Torpa (Sjå Torpa), over Vingromsåsen og ned til Vingrom, ca. 6 kilometer sør for Lillehammer. Vegen er 46,1 kilometer lang.
Valdresbanen er ein nedlagt jernbane med sambinding til Gjøvikbanen, og gjekk opphavleg frå Eina til Fagernes. Strekninga Eina–Dokka vart opne i 1902 under namnet Landsbanen, og i 1906 blei Valdresbanen fram til Fagernes offisielt open. Persontrafikken vart innstilt på banen fra 31. desember 1988, medan det fortsette å køyre godstog til Dokka fram til 31. mars 1999. Ein køyrer turisttog om sommaren på strekninga frå Eina til Dokka, og nord for Dokka er det mogleg å sykle skjenesykkel.
Kultur
[endre | endre wikiteksten]Lands Museum ligg på Dokka.
Kjende personar frå Dokka
[endre | endre wikiteksten]Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Denne geografiartikkelen som har med Innlandet å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |
