Karigasniemi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Karigasniemi
Karigasniemi 2006.jpg
Land Flag of Finland.svg Finland
Region Lappland
Kommune Utsjok
Wikimedia Commons: Karigasniemi

Karigasniemi (nordsamisk Gáregasnjárga) er ein liten tettstad ved breidda av elva Anarjohka og foten av fjellet Áilegas i den finske kommunen Utsjok i landskapet Lappland. Tettstaden ligg like ved grensa til Noreg om lag 3 kilometer frå samløpet til Kárášjohka og Anarjohkas i Tanaelva. Avstanden til Karasjok er 18 kilometer, og grensehandelen er stor. Tettstaden har supermarknad, fleire barar og restaurantar, postkontor, skule, helsesenter og kapell. Innbyggjarmengda er rundt 300, over halvparten er samar.

Karigasniemi er endepunkt for Stamveg 92 på det finske vegnettet, som held fram som Rv92 på norsk side. Regionveg 970 bind saman Karigasniemi med tettstaden Utsjok og Nuorgam.

Biletgalleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!