Karl Ferdinand Sohn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Karl Ferdinand Sohn
Die Familie Bendemann und ihre Freunde, Ausschnitt Karl Ferdinand Sohn (1830-31).jpg
Karl Ferdinand Sohn frå eit gruppeportrett frå 1830-åra.
Fødd 10. desember 1805
Berlin
Død

25. november 1867
Köln

Sjanger portrett
Yrke kunstmålar, universitetslærar

Karl Ferdinand Sohn (10. desember 180525. november 1867) var ein tysk målar kjend for sine bilete basert på tekstar av sentrale diktarar. Dei viktigaste verka hans kom i 1830- og 1840-åra.

Sohn var fødd i Berlin. Han var elev av Wilhelm von Schadow og fylgde i 1826 med til Düsseldorf då Schadow vart leiar av kunstakademiet der. Etter ei lengre utanlandsreise vart Sohn i 1832 sjølv lærar ved Düsseldorf-akademiet. Gjennom sitt lange vyrkje ved akademiet, frå 1838 som professor, sette han sitt tydelege preg på den såkalla Düsseldorfskulen. Nordmennene Christen Brun, Carl Lorck og Peter Nicolai Arbo, samt sveitsaren Rudolf Koller var mellom elevane hans. Sohn forlet akademiet for godt i 1863.

Torquato Tasso og dei to Leonoraer, 1839 (ikkje den versjonen som tilhøyrer Nasjonalgalleriet)

Sohn var lyrisk romantikar som henta inspirasjon og motiv frå litterære kjelder som Torquato Tasso, William Shakespeare, Johann Wolfgang Goethe og fleire andre diktarar. Han nytta ein måleteknikk der det vart lagt vekt på mjuke overgangar mellom dei ulike fargane og fin karnationsbehandling. Samtida sette pris på det sentimentale i kunsten hans. Arbeid som Dei to Leonoraer, Hylas sitt rov, Romeo og Julie og Lorelei vart høgt verdsette, sameleis med Tasso og dei to Leonoraer frå 1849, eit verk som er i eiga til Nasjonalgalleriet i Oslo. Sohn måla gjerne vakre kvinner, og laga også mange portrett, særleg av kvinner.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Mathilde Wesendonck, 1850
  • Rinaldo und Armida, frå 1828 i (Museum Kunstpalast, Düsseldorf)[1]
  • Der Raub des Hylas 1830 (tapt i Flakturm Zoo i 1945)[2]
  • Kollektivporträt: Der Schadow-Kreis (die Familie Bendemann und ihre Freunde) av Eduard Bendemann, Theodor Hildebrandt, Julius Hübner, Wilhelm von Schadow ogKarl Ferdinand Sohn (1830–31), (Museum Kunstpalast, Düsseldorf)
  • Die Lautenspielerin, 1832 (Nationalgalerie, Berlin)
  • Die beiden Schwestern 1832
  • Das Bad der Diana, 1833 (tapt)[3]
  • Die beiden Leonoren, 1834 (først versjon)
  • Diana und Aktäon
  • Romeo und Julie, 1836
  • Die beiden Leonoren, 1836 (Rheinisches Landesmuseum, Bonn)[4]
  • Das Urteil des Paris, 1836
  • Die vier Jahreszeiten
  • Tasso und die beiden Leonoren, 1839 (Museum Kunstpalast, Düsseldorf)[5]
  • Donna Diana (Szene aus dem Lustspiel von Moreto), 1840 (Museum am Augustusplatz, Leipzig, tapt i bombeåtaka 4. desember 1943)[6]
  • Marie Wiegmann, 1843 (Museum Kunstpalast, Düsseldorf)
  • Elisabeth von Joukowsky, geb. von Reutern, 1843 (Museum Kunstpalast, Düsseldorf)
  • Charlotte von Reutern, 1844 (Museum Kunstpalast, Düsseldorf)
  • Anna Christina Dorothea Klotz, 1845 (Städel, Frankfurt am Main)
  • Johann Carl Klotz, 1845 (Städel, Frankfurt am Main)
  • Carl Friedrich Lessing, 1847 (Museum Kunstpalast, Düsseldorf)
  • Christian Köhler, 1847 (Museum Kunstpalast, Düsseldorf)
  • Porträt von Carl Friedrich Lessing, 1847 (Malkasten Künstlerverein Archiv, Düsseldorf)
  • Amalie Else Suermonst (geb. Cockerill), 1948
  • Katharina Adelaide Stein, 1849 (Dauerleihgabe aus Privatbesitz, Stadtmuseum Köln)
  • Der Komponist Ferdinand von Hiller, 1849 (Wallraf-Richartz-Museum, Köln)
  • Bildnis eines Mädchen mit Rose, (Staatliche Kunsthalle, Karlsruhe)
  • Josephine Bel, 1850 (Stadtmuseum Köln)
  • Mathilde Wesendonck, 1850 (Stadtmuseum Bonn)
  • H. Ritter, 1850 (Stadtmuseum Düsseldorf)
  • Malvine Backhausen (geb. Schleiden), 1850 (Stadtmuseum Düsseldorf)
  • Margarethe Roesberg, um 1850 (Westfälisches Landesmuseum, Münster)
  • Johanna Luckemeyer, 1851 (Stadtmuseum Bonn)
  • Loreley, 1853
  • Elise von Mevissen, 1853 (Wallraf-Richartz-Museum, Köln)
  • Maria Reichsgräfin von Spee, geb. von Galen, 1854 (Stadtmuseum, Düsseldorf)
  • Damenbildnis, 1855 (Städtisches Museum Flensburg)
  • Elisabeth Freifrau von Gleichen-Russwurm, 1866

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]