Karl Jonsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Karl Jonsson
Verkeleg namn Karl Jónsson
Statsborgarskap Island
Fødd 1135
Død

1213 (78 år)
Húnavatnshreppur

Yrke skribent
Språk islandsk
Religion Den romersk-katolske kyrkja

Karl Jonsson (ca. 11351213) var ein islandsk abbed som skreiv heile eller delar av Sverresoga, ei soge som handlar den norske kongen Sverre Sigurdsson.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Det er få opplysningar om livet til Karl Jonsson. Ein kjenner ikkje til kven som var foreldra han, fødestaden eller det nøyaktige året han vart fødd. Det er nemnt i Sturlunga saga at han hadde ein bror, Ingimund Jonsson. Karl vart abbed i klosteret i Þingeyrar nord på Island i 1169, men trekte seg tilbake i 1181. I 1185 reiste han til Noreg, der han knytte seg nært til kong Sverre. Etter at den nye abbeden i Þingeyrar døydde i 1187 vart Karl abbed på ny, men ein reknar ikkje med at han reiste attende til Island før i 1188. Karl fungerte som abbed på Island fram til 1207, då han la ned embetet. Han døydde i 1212 eller 1213.[1]

Ei ferd til Noreg[endre | endre wikiteksten]

Då Karl kom til Noreg og Nidaros i 1185, hadde kong Sverre nyleg vorte norsk eineherskar, etter at han hadde felt motstandaren kong Magnus Erlingsson året før. Karl reiste saman med presten Ingimund Torgeirsson og nevøen hans Ogmund Torvardsson. Desse hadde samband til Magnus og far hans Erling Skakke, og Ogmund vart raskt ein del av hirda til Jon Kuvlung, ein ny utfordrar til Sverre.[2]

Det er usikkert i kva grad det var Sverre som oppsøkte Karl eller omvendt. Det er ikkje noko som tyder at på Karl på førehand hadde planar om å tilby Sverre tenestene sine. Det kan ha vore Sverre sjølv som oppsøkte Karl for å få den islandske abbeden til å skriva soga hans. På ei anna side kan det òg ha vore Karl sjølv som på førehand hadde planlagt å skriva eit sagaverk om dei norske kongane. Eit par tiår tidlegare hadde ein annan islending, Eirik Oddsson, reist til Noreg for å skriva ei slik soge. Eirik si soge, Hryggjarstykki («Rygg-stykke»), handla om den norske kongen Harald Gille og sønene hans Inge og Sigurd. Det er mogleg at Karl reiste til Noreg med intensjon om å halda fram Eirik sitt arbeid, kanskje for å skriva om den nyleg avlidne kong Magnus Erlingsson. Dermed kan det ha vore Karl som oppsøkte Sverre for å få opplysningar, men at Sverre fekk overtalt abbeden til å heller skriva hans eiga soge.[3]

Gryla[endre | endre wikiteksten]

Karl var altså i Noreg i tre år, 1185-1188, og det er rekna med at han skreiv beretningen om Sverre si første tid som konge då. Denne fyrste delen av soga vart kalla «Gryla». Namnet tyder «skremsle», og var truleg meint å skulle gje eit kraftfullt inntrykk av soga. Kor stor del av soga «Gryla» omfatta, er omdiskutert. Ho er harmonisk integrert i resten av teksta, så det er vanskeleg å avgjera når «Gryla» sluttar og når resten av forteljinga byrjar. At det er vanskeleg å skilja mellom Gryla og resten av soga, har vore brukt som argument for at Karl skreiv heile soga.[4] Ein trur vanlegvis at «Gryla» anten ender med slaget på Kalvskinnet i 1179 (kapittel 38), eller slaget ved Fimreite i 1184 (kapittel 95).[5] Sverre var konge heilt til 1202, og kven som fullførte soga etter hans død, er usikkert. Det kan ha vore Karl, men det kan òg ha vore ein ukjend person.[6]

Prologen til Sverresoga[endre | endre wikiteksten]

Det finst to versjonar av prologen til Sverresoga, ein eldre og kort, og ein yngre og lengre prolog. Her er ein del av den eldre og korte versjonen, der det vert gjort greie for for forfattarar og kjelder, attgjeve:[7]

«Her begynder Fortællingen [...] om Kong Sverre, Kong Sigurd Haraldsøns Søn. Begyndelsen af Bogen er forfattet efter den Bogen, som først blev nedskreven af Abbeden Karl Jonsøn [...] [D]enne Deel af Bogen kaldte man [...] Grýla. Den andre Deel af Bogen er skreven efter de Mænds mundtlige Fortælling, som vel mindedes disse Begivenheder, hvilke de selv havde Hørt og seet, og nogle af dem havde været med i Slagene med Kong Sverre.»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Holm-Olsen (1953): 22-23
  2. Holm-Olsen (1953): 25
  3. Holm-Olsen (1953): 26-28
  4. Holm-Olsen (1953): 34-35
  5. Karl Jonsson, Norsk biografisk leksikon
  6. Holm-Olsen (1953): 8-9
  7. Prologus til Sverres saga, oversatt til dansk av C. C. Rafn, København 1834

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]