Karl Peder Mork

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Karl Peder Mork
Fødd 26. juli 1993
Verv Leiar i Norsk Målungdom
Periode 2014-2015
Føregangar Vebjørn Sture
Etterfylgjar Synnøve Marie Sætre

Karl Peder Mork (fødd 26. juli 1993) er ein norsk målmann frå Holmenkollen i Oslo. Mellom 2014 og 2015 var han leiar for Norsk Målungdom. Tidlegare har han vore økonomiansvarleg (2012–2014) i same organisasjonen. Mellom 2016 og 2018 sat han som leiar i Studentmållaget i Oslo.

Til liks med fleire tidlegare NMU-leiarar har Mork bakgrunn frå Katta Målungdom, som er målungdomen sitt lokallag ved Oslo katedralskole. Der skreiv han særoppgåve om den lokale dialekten, og la samstundes om til breiare Oslo-mål enn han var vaksen opp med.[1] Også utvekslingsopphaldet i Berlin sette språkpolitiske merke i han.

Attåt tillitsvervet er Mork musikkstudent på deltid ved Universitetet i Oslo, og han har elles livnært seg både som utøvande gitarist og snøggbåtbillettør.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]