Karl den einfaldige

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Karl den einfoldige. Måleri av Georges Rouget (1783–1869)

Karl den einfaldige, eller Karl III, fransk Charles le Simple (17. september 8797. oktober 929) var medlem av det karolinske dynastiet som styrte som konge av det vestfrankiske riket frå 893 til 922/923.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Karl var son av kong Ludvig stammaren, fødd etter at faren døydde, og mora var Ludvig sin tredje hustru Adelaide av Frioul (eller av Paris). Karl vart gift med Frederuna som døydde i 917 og vart deretter gift med Edgiva av Wessex (eller Ædgifu), dotter av Edvard den eldre av England, den 7. oktober 919.

Som barn vart Karl forhindra å ta trona, først etter hans halvbror Karloman som døydde i 884 og deretter då hans onkel Karl den tjukke vart styrta i 887. I staden etterfølgde Odo, greve av Paris, Karl den tjukke.

Konge[endre | endre wikiteksten]

Karl den einfoldige vart faktisk krona til konge i Reims allereie den 28. januar 893, men kunne først overta trona etter at kong Odo døydde i 898. Han var då 19 år gammal.

Karl sitt vestfrankiske kongedømme var bortimot identisk med dagens Frankrike, men i 911 vart han tvinga til å gjera Normandie til eit hertugdømme for vikinghøvdingen Rollo, antakeleg identisk med nordmannen Ganga-Rolv gjennom Saint-Clair-sur-Epte-traktaten. Som motyting for å få Normandie måtte Rollo forhindra nye vikingangrep og herjingar i Frankrike. Han skulle òg gifta seg med kongen sin eldste og utanomekteskapelige dotter Gisela, forutan å la seg døypa. Det siste skal Rollo ikkje ha teke så høgtideleg.

I 911 døyr Ludvig, den siste kongen av det østfrankiske rikte, og då gjer Karl seg òg til konge av Lotharingien med vidare krav på heile det karolinske riket. I 922 gjer nokre føydalherrar opprør under leiing av baronane Gilbert av Lorraine, Rudolf av Burgund og hertug Robert I, bror til Odo og Hugo Capets farfar. Dei fekk krona Robert I som konge den 29. juni 922 . Året etter vart kong Robert I drepen i slaget ved Soissons den 15. juni 923, men sonen hans,  Hugo den store makta å samla sina troppar til ein fornya kamp gjennom å visa fram sin liket til far sin og til slutt vart kong Karl overvunnen.

Hertug Robert av Burgund vart vald til ny konge medan Karl flykta til sin vasall Herbert II av Veramndois, men syster til Herbert var gift med Robert I og han lét Karl setjast i fangenskap i eit av tårna i festninga Péronne i Somme der han til slutt døydde etter seks års fangenskap. Han vart gravlagd i Péronne ved klosteret Saint-Fursy.

Kona hans, Edgiva, rømde til England med sonen som difor fekk namnet Ludvig frå den andre sida av havet då han seinare kom tilbake for å kronast til konge som Ludvig IV av Frankrike i 936.

Karl vart ikkje kalla for «den enfoldige» sidan han var mindre begåva eller dum, men epitetet skal forståast som «den ærlege».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]