Rollo av Normandie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Statue av Rollo, grunnleggjar av lenet Normandie, i Falaise, fødestaden til hans etterkommar Vilhelm Erobreren, som vart konge av England.
Rollos grav i katedralen i Rouen, Seine-Maritime

Rollo (ca. 860 – ca. 932) var ein vikinghøvding over eit område som seinare vart kjent som Normandie. I nokre kjelder vert han òg omtalt som Robert av Normandie. Rollo vart stamfar til den berømte normanniske herskarslekta, hertugane av Normandie.

Namnet Rollo er eit Frankisk-latin namn som truleg stammar frå det norrøne namnet Hrólf (Rolv) (jamfør latiniseringen av Hrólf Kraki til Roluo i Gesta Danorum).

«Rollo» er oppført i fleire skriftlege samtidskilder. Han var leiar for dei store styrkane av «normannere» som tidleg på 900-talet erobra området ved munningen av elva Seinen i Frankrike. For at dei skulle flytta bort vart Rollo gjennom Saint-Clair-sur-Epte-traktaten i 911 forlent av Karl den enfoldige med grevskapet Rouen som deretter vart utvida til det «nordiske» hertugdømmet Normandie. Hertug er likevel ein anakronistisk tittel som aldri vart brukt om Rollo. Greve av Rouen passar betre for å skildra Rollos styresmaktsområde men tittelen Greve vert heller aldri brukt om Rollo. Derimot vert brukt princeps Nortmannorum i samtidige kjelder både om Rollo, og sonen Vilhelm Langsverd som omkring 927 overtok lenet. Rollo kan ha levd nokon år etter dette, men han er sikkert avgått med døden ein gong før 933. Rollo er mest kjent for å starta Det normanniske dynastiet, tip-tip-tip-oldefar til Vilhelm Erobreren som leiar Normandie i Slaga ved Hastings, eit av dei viktigaste slaga i verdshistoria der William erobrar England og byrjar på ein imperialistisk politikk overfor Wales, Irland og Skottland, ein politikk som vil definera England som kolonimakt i fleir hundre år og ha unik innverknad på historia. Rollo sin statue står i dagens Rouen ved kyrkja St Ouen.

Rollos sin bakgrunn er òg sterkt omdiskutert. Den ikkje spesielt etterrettelige normanniske historieskrivaren Dudo av Saint-Quentin, som er hovudkjelda, meiner at Rollo var ein fordriven dansk kongeson, son av ein «kong Erik». Skriftlege kjelder i kristne Europa skilde ikkje mellom dei nordiske rika og ante ikkje mykje skilnad på skandinaviske «vantro» røvarstatar, slik at denne påstanden om opphav bør kanskje tvilast. Norske historikarar – fremst blant dem Gustav Storm, Alexander Bugge og Ebba Hertzberg – trekte Dudos kjeldeverdi i tvil, og peikte på kor fullt upåliteleg hans framstilling elles er i det han skriv om Rollo og Danmark, med historiske og geografiske opplysningar som i det heile ikkje stemmer. Dei la òg vekt på at Rollo skulle ha hatt ei dotter, Gerloc (Geirlaug). Dette namnet tydde på eit norsk samband, og at det òg på fransk grunn, i yngre skrifter enn Dudos, finst ein tradisjon om at Rollo var norsk.[1]

Uansett har den ikkje spesielt etterrettelige norske og islandske sagaoverlevering knytte han til Ragnvald Mørejarls son Ganga-Rolv. Det er ikkje verna nokon levninger etter Rollo, men hausten 2010 skal forskarar genteste to av hans etterkommarar for å slå fast der han har sit opphav.[2]

Eit DNA-analyse frå 2014 viser at Rollo og hans forfedrar 12 generasjonar tilbake kom truleg frå Danmark, og at hans forfedrane til forfedrar innvandra til Danmark frå vestkysten av Noreg. Éin studie åleine kan likevel ikkje erkjennast som sanning i vitskapen.[3]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Rollo Gange-Rolv Ragnvaldsson – Norsk biografisk leksikon». 
  2. «Jaktar på Rollos opphav»
  3. «Origin Hunters - Genetic Genealogist: Exploring Rollo's Roots: DNA Leads the Way». originhunters.blogspot.dk. 

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Douglas, D.C. (1942): «Rollo of Normandy» i: English Historical Review, Vol. 57 , s. 414-436
  • Helmerichs, Robert: Rollo as Historical Figure
  • McKitterick, Rosamond (1983): The Frankish Kingdom under the Carolingians, 751-987, Longman
  • Dudo av St. Quentin: Dudonis gesta Normannorum, latinsk versjon ved Bibliotheca Augustana
  • Dudo av St. Quentin: Gesta Normannorum, engelsk omsetjing
  • Ganga-Hrolfs saga, Heimskringla.no