Karragenan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Karragenan er eit finmalt pulver som er produsert av karragenalgar. Stoffet er i næringsmiddelteknologien brukt som fortjukkingsmiddel og stabilisator i mellom anna iskrem, sjokolademjølk og ferdigproduserte puddingdessertar, og har den eigenskapen at det dannar gelé når det blir blanda med mjølk. I produkt med redusert feittinnhald kan karragenan tilsetjast for å gjere konsistensen saftigare, til dømes i produkt som pølser og leverpostei. E-nummeret til stoffet er E407.[1][2]

Karragenan har inkje næringsinnhald. Kjemisk er det eit heterogent polysakkarid bygd opp av dei enkle sukkerartane D-galaktose og 3,6-anhydro-D-galaktose. Karragenan har vorte kopla til danning av betennelse i tjukktarmen, som mellom anna kan føre til tarmkreft.[3][4][5] Andre studiar utførte av Livsmedelsverket i Sverige og Verdas helseorganisasjon vurderer stoffet som trygt å få i seg.[6]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «karragenan». Det Norske Akademis ordbok. Henta 14. oktober 2018. 
  2. «karragenan». Store norske leksikon. Henta 14. oktober 2018. 
  3. «Is Carrageenan Safe?». Andrew Weil. Henta 14. oktober 2018. 
  4. «Is Carrageenan Bad For You?». Is It Bad For You?. Henta 14. oktober 2018. 
  5. «Kosthold ved Ulcerøs Kolitt og Crohns Sykdom». Lommelegen. Henta 14. oktober 2018. 
  6. «Karragenan – är det farligt eller inte?». metro.se. Henta 16. oktober 2018.