Verdsorganisasjonen for helse
Treng oppdatering (2023) |
Verdsorganisasjonen for helse | |||
| |||
Skipa | 7. april 1948 | ||
---|---|---|---|
Morselskap | Dei sameinte nasjonane | ||
Hovudkontor | Genève[1] | ||
Land | Sveits,[2] Filippinane, Egypt, USA, Danmark, India, Kongo-Brazzaville | ||
Nettstad | https://www.who.int (engelsk) |
Verdsorganisasjonen for helse (engelsk World Health Organization – WHO, fransk Organisation mondiale de la santé – OMS) er eit av dei spesialiserte organa til Dei sameinte nasjonane. På norsk blir ofte den engelske forkortinga WHO nytta.
Organisasjonen har 192 medlemsland (2006). Dette inkluderer alle medlemslanda i SN, med unnatak av Liechtenstein. Hovudsetet ligg i Genève i Sveits.
Formål
[endre | endre wikiteksten]Formålet til Verdsorganisasjonen for helse er å arbeide for at alle folk skal ha så god helse som mogleg. Helse blir i denne samanhengen definert som ein tilstand av full fysisk, mental og sosial velvære, ikkje berre fråvær av sjukdom eller svakheit.
Arbeidsområda til WHO spenner frå å kjempe mot infeksjonssjukdommar til kampanjar for å auke inntaket av grønsaker og mot bruk av tobakk. WHO forskar dessutan mykje på helseverknader.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Organisasjonen vart oppretta 7. april 1948. Han tok da over store delar av mandatet og ressursane til Helseorganisasjonen (engelsk Health Organization), som hadde vore eit organ under Folkeforbundet.
Generaldirektørar
[endre | endre wikiteksten]Sidan starten har det vore seks ulike generaldirektørar i WHO. Den tidlegare norske statsministeren Gro Harlem Brundtland var generaldirektør i perioden mellom 1998 og 2003.[3]
Namn | Land | Tidsperiode |
---|---|---|
Margaret Chan | Hong Kong | 2006– (framleis) |
Anders Nordström | Sverige | 2006– (fungerande etter dødsfallet til Lee Jong-wook) |
Lee Jong-wook | Sør-Korea | 2003–2006 |
Gro Harlem Brundtland | Noreg | 1998–2003 |
Hiroshi Nakajima | Japan | 1988–1998 |
Halfdan T. Mahler | Danmark | 1973–1988 |
Marcolino Gomes Candau | Brasil | 1953–1973 |
Brock Chisholm | Canada | 1948–1953 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Contact the World Health Organization» (på engelsk). Henta 27. juli 2024.
- ↑ http://www.unbrussels.org/world-health-organization-who/.
- ↑ «Former Directors-General». Verdsorganisasjonen for helse. Henta 18. februar 2023.