Orkla ASA

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Orkla ASA
Orkla.svg
Orkla head office.jpg
Selskapsformallmennakseselskap Sjå dette på Wikidata
Org.nr.910 747 711
Skipa1654
DotterselskapOrkla (Sweden), Idun Industri, Orkla Latvija, Hamé, Orkla Foods Norge Sjå dette på Wikidata
Bransjekonglomerat, finansielle tjenester, aluminiumsindustri, daglegvare
HovudkontorOslo Sjå dette på Wikidata
Tilsette18 510, 18 348 Sjå dette på Wikidata
Resultat3 898 000 000 norske kroner Sjå dette på Wikidata

Orkla ASA (OSE: ORK) er eit av dei største børsnoterte selskapa i Noreg, med verksemd innan kjerneområda merkevarer, spesialmaterialar og finansielle investeringar. Orkla omsette i 2013 for 33 milliardar kroner og hadde 17 000 tilsette.[1] Selskapet har sitt formelle hovudsete i Sarpsborg. Kontor- og administrasjonsadressa er i Oslo.

I dag omfattar Orkla blant anna REC (39,73% eigd av Orkla), Stabburet, Nidar, Lilleborg, Elkem, Sapa og Borregaard. Sommaren 2006 selde selskapet mediedivisjonen sin, Orkla Media, til det britiske selskapet Mecom. Orkla sitt kanskje mest kjende produkt er pizzaen Grandiosa.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Orkla har røtene sine tilbake til gruvedrifta på Løkken Verk i 1654. Det moderne Orkla blei grunnlagt i 1904 av Christian Thams, under namnet Orkla Grube-Aktiebolag. Christian Thams, med Farsund-reiaren Christian Salvesen som finansiell partner, tok opp igjen gruvedrifta på Løkken Verk etter at ho hadde vore nede nokre år. Gruvedrifta på Løkken tok slutt i 1987. Orkla ASA reknar 1654 som stiftingsåret sitt, og feira 350-årsjubileum i 2004.

Nokre av Orkla sine konsernsjefar[endre | endre wikiteksten]

Nokre av Orkla sine styreleiarar[endre | endre wikiteksten]

Marknadsverdi[endre | endre wikiteksten]

Orkla sin marknadsverdi på Oslo Børs var 6. august 2008 oppe i 119 milliardar kroner. Orkla-aksjen blir handla under tickeren ORK.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Om Orkla», orkla.no. Vitja 15. januar 2015.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]