Kartusj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Barokk kartusj på Maison du Moulin à vent i Brussel.

Kartusj (fra fransk, til latin ‘(opprulla) papir’) er eit dekorativt rameelement som var utbreidd i renessanse-, barokk- og rokokkoornamentikk.[1]

Det er opphavleg eit ornament i form av ein rull, som til dømes ein volutt frå eit jonisk kapitel. Ein brukte også ovale rammer som kartusjar rundt kongsnamn i det gamle Egypt.[1] I seinare skulptur og måleri kom det til å brukast som underlag for titlar og våpenskjold, og er i denne funksjonen som oftast oval i forma med opprulla rame.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Steiner, Pål (24. april 2022). «kartusj – ornament». Store norske leksikon (på norsk bokmål).