Kastellet skole

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 59°52′23″N 10°47′33″E

Kastellet skole
Skuletypebarne- og ungdomsskole,
1.–10. trinn
Grunnlagt2004
KommuneOslo
RektorKjersti Svendsen [1]

Kastellet skule er ein 1-10 skule i bydel Nordstrand i Oslo. Han stod ferdig i 2004, og det vart dermed etablert ein ny skulekrets mellom Bekkelaget og Nordstrand. Skulen vart bygd for omkring 550 elevar, og hadde i 2010 ca. 610 elevar. Skuleanlegget består av 4 bygg. Bygg A er hovudbygget med administrasjon og spesialrom, Bygg B vert disponert av småskolen og Aktivitetsskulen (tidlegare Skulefritidsordninga/SFO), Bygg C vert nytta av mellomtrinnet og funksjonshemja (Regnbuen), og Bygg D er for ungdomstrinnet.

Skulen sin spesialavdeling Regnbuen er for elevar med ulike funksjonshemningar og har byomfattande inntak. Avdelinga hadde 12 elevar i 2010.

Anlegget er utforma med inspirasjon frå læreplanen L97 og den såkalla Innstillinga til kvalitetsutvalet frå 2003.[2] Han er såleis bygd som ein såkalt baseskule, med hovudsakleg opne og fleksible romløysingar. Det var til å byrja med store støyproblem i særskilde delar av skuleanlegget.

Rektorar[endre | endre wikiteksten]

  • 2004-2009: Per Bjarne Ella (til Fyrstikkalleen skule)
  • 2009-2015: Torill Røeggen (til Ullern vidaregåande skule)
  • 2015–2018: Ronny Trogstad
  • 2018-2019  : Kjersti Svendsen

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Ledelse og ansatte». Arkivert frå originalen 2018-10-24. Henta 23. oktober 2018. 
  2. Utdanningsdirektoratets rådgivingstjeneste for skoleanlegg

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]