Ullern videregående skole

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ullern vidaregåande skule er ein vidaregåande skule i bydel Ullern i Oslo. Skulen vart etablert i 1898 som Bestum middelskole. Skulen tok i bruk lokale i Ullernchauseen i 1931. Dette bygget vart reva i 2012 medan skulen var i mellombelse lokale i Vika. Sidan sommaren 2015 har Ullern vgs vore samlokalisert med til ulike forskings- og næringslivsverksemder i Oslo Cancer Cluster Innovasjonspark i Ullernchausseen 66. Skulen tilbyr utdanningsprogramma studiespesialisering, medium og kommunikasjon, elektrofag, helse- og oppvekstfag, apotekteknikk og har ei tilrettelagd avdeling.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Skulen vart etablert i 1898 som privatskolen Bestum middelskole og var den første vidaregåande skulen i området. Frå 1900 fekk skulen eige bygg teikna av arkitekt Johan Storm Munch i Nedre skogveg 14. I 1919 tok Aker kommune over skulen og namnet vart endra til Ullern middelskole. Plassmanger gjorde at dagens bygg i Ullernchausséen vart oppført etter teikningar av arkitekt Georg Greve. Skulen vart utvida til gymnas i 1936 med nye tilbygg og eigen gymnastikksal, og hadde det året 500 elevar. rett før krigen i 1940 var elevtalet 700. I åra 1968 til 1978 huste skulen ungdomstrinn, før dei vart flytta til Øyråker skule.

Ullern Basket har sin bakgrunn frå skulen, der den første basketballklubben i landet, ganske enkelt kalla Basket, vart stifta i 1956.

Rundt tusenårsskiftet hadde skulen opplevd nedgang i søkartal og var vurdert nedlagt. Ein del grep vart teke av rektor, Pål Riis, som vert gjeve mykje av æra for at skulen snudde ein negativ trend til å verta ein av Oslos best sokne skular. Skulen vart utnemnd som demonstrasjonsskule for skuleåra 2006-2008, blant anna på grunn av gode faglege prestasjonar.

Frå hausten 2011 var skulen mellombels relokalisert i lokala til Christiania tekniske skule i Cort Adelers gate 30. Ullern vidaregåande skule er frå august 2015 samlokalisert med Oslo Cancer Cluster der skule, forskingsmiljø og næringsliv skal samarbeida tett om den vidare utviklinga. Skulen er ein del av Oslo Cancer Cluster Innovasjonspark i Ullernchausséen 64-66 på Ullern. Skulen har frå 2015 utdanningsprogramma helse- og oppvekstfag og elektrofag i tillegg til studiespesialisering og medium og kommunikasjon. Ullern vidaregåande skule har òg ei tilrettelagd avdeling med 25 plassar. Pr august 2015 har skulen 750 elevar og ca 100 tilsette.

Ullernrevyen hadde sin første premiere allereie i 1936. Den har vore arrangert i skulen sin ombygde kantine. Frå 2015-16 vil revyen kunna spelast frå eiga scene i auditoriet Kaare Norum, som er storstue i nybygget i Ullernchausséen 66.

Delar av NRK-serien Valkyrien, som hadde premiere 1. januar 2017, vart spelt inn på Ullern vidaregåande skule.[1]

Kjende tilsette[endre | endre wikiteksten]

Jakob Sande[endre | endre wikiteksten]

Den kjende diktaren Jakob Sande (1906–1967) var lektor ved Ullern gymnas frå 1946–1965. I starten skal han ha vore ein interessant lærar som gjerne las dikt for elevane. Han fann seg derimot ikkje til rette i Oslo, og det gjekk nedover med han i løpet av tida han jobba der. Etter nokre år var han sterkt prega av alkoholmisbruk og kom ruset på jobb i tillegg til at han var mykje borte.[2] Til trass for at han mistreivst i byen var han lærer ved skulen fram til 1965. Kåre Willoch har òg nemnd han i si siste bok Strid og samarbeid [3].

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Norges neste seriemester?». Aftenposten. Henta 1. januar 2017. 
  2. Ove Eide. Jakob Sande. Liv og diktning. Samlaget, 2006 ISBN 978-82-521-6497-8, side 326-328
  3. Strid og samarbeid (2016).ISBN 976-82-02-51041-1

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]