Kastrering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kastrere)
Gå til: navigering, søk
Kastrering av ein katt. Freske frå 1500-talet.

Kastrering, kastrasjon eller gjelding er eit inngrep der delar av eller alt av kjønnsorgana på eit dyr eller eit menneske blir fjerna. Det blir gjort på dyr for at dei skal bli ufruktbare eller for å roe dei ned. Vanlegvis er det snakk om å fjerne testiklane til hanndyr. I hodyr fjerner ein eggstokkane, som er eit noko større inngrep. Det har vore mest vanleg å kastrere produksjonsgris for slakt, men også hestar, oksar, kattar og hundar blir kastrerte.

Kastrering av dyr[endre | endre wikiteksten]

Kastrering av eit muldyr i Marokko.
Foto: L. Mahin

Visse dyr er det tradisjon for å kastrere, og dei kastrerte dyra har fått eigne namn. Vallak viser til ein kastrert hest, galt kan visa til ein kastrert gris, og kapun og hanrei er namn på kastrerte hanar.

Ein har kastrert større dyr, som hestar og oksar, for at dei skal kunne brukast som rolege trekk- og ridedyr.

Mindre husdyr blir gjerne kastrert for å hindra avsmak på kjøtet. Kastrering av gris skjer for å unngå den såkalla «rånelukta», ei lukt og ein smak som oppstår når hanngrisen blir kjønnsmoden, og som gjer at kjøtet frå råner ikkje er etande. Kastrasjonen skjer difor når grisungane er små (før fylte fire veker). Frå 2009 blir det forbode å kastrere grisungar i Noreg, viss det ikkje finst medisinske grunnar til å gjere det.

Kjæledyr som hund og katt kan kastrerast for å få ned talet på dyreungar og hindra uønska åtferd som slosting, revirmarkering og at dyra stikk av. Kastrering av hund er vanleg i nokre land, men er i Noreg forbode om det ikkje finst ein god grunn til å kastrere.[1] Det er derimot lovleg og vanleg å kastrere kattar.[2]

Kastrering av menneske[endre | endre wikiteksten]

Kastrasjon har også blitt utført på menneske iblant. Ein kastrert mann blir kalla ein evnukk. I dag blir slik kastrasjon sett på som å vere i strid med allmenn etikk.

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Å ha hund» ved dyrenett.no
  2. «Sterilisering og kastrering i tidlig alder» ved i Norsk Huskattforening

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kastrering