Katrin Krabbe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Katrin Krabbe
Bundesarchiv Bild 183-1988-0720-036, Berlin, Junioren-Sportfest, Katrin Krabbe.jpg
Fødd 22. november 1969
Neubrandenburg
Yrke sprinter
Katrin Krabbe på Commons

Katrin Krabbe (fødd 22. november 1969) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Neubrandenburg i Mecklenburg-Vorpommern som tevla for Aust-Tyskland og frå 1991 for Tyskland. Ho vart europameister på både 100 og 200 meter, samt 4x100 m stafett i 1990, året etter vart ho også verdsmeister på 100 m og 200 m under friidretts-VM i Tokyo.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

I 1988 sette Krabbe personleg rekord på 100 m med 10,89 sekundar og vart utteken til sommar-OL i Seoul. Ho deltok i Seoul på 200 m, der ho rauk ut i semifinalane.

Krabbe fekk sitt store gjennombrot under europameisterskapen i Split i 1990. Etter 10,89 og ein suveren siger på 100 meter framfor to landskvinner, sigra ho seg to dagar seinare sigeren også på 200 m. Her vann ho på tida 21,95 sekundar framom landskvinna Heike Drechsler, som fekk notert 22,19. Dagen etter sigeren på 200 m sprang Krabbe andreetappe for Aust-Tyskland på 4x100 m stafett. Saman med Silke Möller, Kerstin Behrendt og Sabine Günther syrgde ho for at Aust-Tyskland susa i mål på 41,68 sekundar, sølvvinnarane frå Vest-Tyskland brukte 43,09.

Den 27. august 1991 tok Krabbe sin fyrste VM-tittel då ho vann gullmedaljen på 100 m under friidretts-VM i Tokyo. Vinnartida vart 10,99 sekundar, Gwen Torrence frå USA og Merlene Ottey frå Jamaica kom halsande inn til sølv og bronse på 11,03 og 11,06. Tre dagar seinare vart rekkefylgja den same for dei tre sprintarane på 200 meter. Krabbe vann med 22,09 sekundar, Torrence hadde 22,16 og Ottey 22,21. Den 1. september deltok Krabbe fyrst på Tysklands stafettlag på 4 x 100 m stafett, og halvannan time seinare, på laget på 4 x 400 meter. Begge laga kom i mål til bronsemedaljar.

Doping[endre | endre wikiteksten]

I juli 1992 vart det funne spor etter dopinmiddelet clenbuterol i ei urinprøve, og Krabbe vart utestengd frå idretten i eitt år av det tyske friidrettsforbundet. Det internasjonale friidrettsforbundet, IAAF, forlengde utestenginga med to år. Krabbe gjekk i 1995 til rettssak mot det internasjonale friidrettsforbundet og vart i 2001 tilkjend 1,2 millionar tyske mark i skadeserstatning for tapte yrkesinntekter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]