Katun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sjå også stoffet kaliko.
Katun
elv
2006-07 altaj katun.jpg
Katun i landsbyen Tungur
Land Flag of Russia.svg Russland
Nedslagsfelt 60 900 km²
Lengd 688 km
Middelvassføring 626 /s
Kjelde Belukha
Munning Ob
Wikimedia Commons: Katun River

Katun (russisk Катунь) er ei elv i Republikken Altaj og Altaj kraj i Russland. Ho renn saman med elva Bija og dannar elva Ob, om lag 19 km sørvest for Bijsk.

Katun er 688 km lang og har eit nedslagsfelt på 60 900 km². Ho spring ut frå isbreane på sørsida av fjellet Belukha. Elva frys til seint i november eller tidleg i desember og vert isfri att tidleg eller i midten av april. Katun har få sideelvar, mellom anna Argut, Tsjuja, Koksa og Sema. Elva er framkommeleg for skipsfart.

Katun

Kjelder[endre | endre wikiteksten]