Keith Laws

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Keith R. Laws
Nasjonalitet Britisk
Fødd 1961
London
Yrke Psykolog

Keith R. Laws (fødd 1961) er ein professor i neuropsykologi ved School of Psychology ved University of Hertfordshire.[1] Han har skrive over 100 artiklar og ei bok kalla Category-Specificity: Evidence for Modularity of Mind.[2]

Music career[endre | endre wikiteksten]

Laws dreiv tidleg med eksperimentell musikk, og var med å starte opp post-punk-bandet The The.[3][4]

I følgje bandkollegaen Matt Johnson var det Laws som kom på bandnamnet. Laws svarte på ei annonse som Johnson hadde sett inn i NME i 1978, der han søkte musikarar til bandet sitt. The The spelte inn ein singel for 4AD som ein duo, «Controversial Subject»/«Black and White». Han var produsert av Bruce Gilbert og Graham Lewis frå Wire og Laws spelte synthesiser og song, medan Matt Johnson spelte gitar og medverka med vokal.

Laws og Johnson spelte som The The på konsertar med Wire, Cabaret Voltaire, DAF, This Heat, The Birthday Party og Scritti Politti.

Tidleg i 1981 medverka The The òg med songen «Untitled» for The Some Bizzare Album. I september det året fekk duoen Johnson og Laws avtale med Some Bizzare Records, og gav ut singelen «Cold Spell Ahead». Etter dei siste demoinnspelingane for Phonogram - «Three Orange Kisses for Kazan», «Waiting for the Upturn» - slutta Laws for å studere, og Johnson vart att som soloartist, men fortsette å bruke bandnamnet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Academia». Henta 14. september 2016. 
  2. Laws, Keith; Adlington, Rebecca L; Gale, Tim M; Moreno-Martínez, Francisco J (2010). Category-specificity: evidence for modularity of mind. New York: Nova Science Publishers. ISBN 9781608766437. 
  3. «Allmusic». Henta 14. september 2016. 
  4. «Discogs». Henta 14. september 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]