The The

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
The The
Opphav United Kingdom
Sjanger Post-punk, new wave, alternativ rock
Aktive år 1979 til i dag
Plateselskap 4AD, Some Bizzare, Epic, Nothing/Interscope, Lazarus/Cineola
Medlemmer
Matt Johnson
Tidlegare medlemmer
Keith Laws
Tom Johnston
Peter Ashworth
Colin Lloyd Tucker
Simon Fisher Turner
David Palmer
Johnny Marr
James Eller
D. C. Collard
Jim Fitting
Keith Joyner
Jared Michael Nickerson
Eric Schermerhorn
Brian MacLeod
Gail Ann Dorsey
Spencer Campbell
Earl Harvin

The The er ei engelsk musikkgruppe som har vore aktiv i forskjellige former sidan 1979, med songaren og låtskrivaren Matt Johnson som det einaste medlemmet som har vore med heile vegen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tidlege år (1977–1981)[endre | endre wikiteksten]

I november 1977 sette Matt Johnson inn ei annonse i NME, der han såg etter «Bass/sologitarist som likar The Velvet Underground/Syd Barrett». Johnson sette seinare inn ei annonse til i NME, og såg etter folk som likte «The Residents/Throbbing Gristle».

Medan han prøvde å få bandet sitt i gang, spelte Johnson i 1978 inn ei demoinnspeling aleine (See Without Being Seen) som han selde på kassettar på forskjellige undergrunnskonsertar. I 1979 arbeidde Johnson med Colin Lloyd-Tucker (ein ven og ein kollega i De Wolfe Music, ein musikkutgjevar og platestudio i Soho) og spelte inn det første albumet sitt, Spirits. Dette har aldri blitt gjeve ut, men albumsporet «What Stanley Saw» vart seinare lisensiert til Cherry Red Records for samlealbumet deira Perspectives & Distortion, som òg inneheldt songar av Virgin Prunes, Lemon Kittens, Thomas Leer, Kevin Coyne og Mark Perry.

The The debuterte på Africa Centre i London den 11. mai 1979,[1] i lag med Scritti Politti og PragVEC. For trommer og bass nytta dei lydband som Johnson hadde laga på dagjobben sin i De Wolfe sine studio. Bandet bestod på denne tida av Johnson på vokal, elektrisk piano, gitar og lydband og Keith Laws på synthesiser og lydband. Det var Keith Laws som føreslo namnet The The for Matt Johnson.

Samstundes som The The var i gang, arbeidde Johnson med den eksperimentelle synthpop-gruppa The Gadgets, ei studiogruppe han danna med Colin Lloyd Tucker, ein kollega ved De Wolfe studios.

Peter Ashworth, som då var i 'Triash' og seinare vart ein kjend fotograf, vart trommeslagar i The The i 1980, og Tom Johnston (som òg var manageren til The The på dette tidspunktet, og seinare vart teikneserieteiknar for Evening Standard, Daily Mirror og The Sun) spelte bass. Sjølv om både Ashworth og Johnston er oppførte som musikarar på debutsingelen til The The («Controversial Subject»/«Black and White») på 4AD Records spelte i røynda ingen av dei på innspelingane, som vart produserte av Wire-medlemmane Bruce Gilbert og Graham Lewis. Alle instrumenta vart spelte av Johnson og Laws. Johnston og Ashworth slutta etter kort tid i The The og gjekk attende til dagjobbane sine. Som ein duo (Johnson og Laws), byrja The The å spele konsertar med Wire, Cabaret Voltaire, DAF, This Heat, The Birthday Party og Scritti Politti.

Tidleg i 1981 medverka The The med songen «Untitled» til Some Bizzare Album. I september det året signerte Johnson og Laws ein avtale med Some Bizzare Records og gav ut singelen «Cold Spell Ahead». På dette stadiet hadde Matt Johnson byrja å spele alle instrumenta sjølv og Laws slutta for å fortsette studia sine. Johnson heldt då fram som soloartist, men fortsette å bruke bandnamnet.

Seinare i 1981 vart Johnson signert av Ivo Watts-Russell for 4AD Records for å spele inn soloalbumet Burning Blue Soul. Sjølv om Johnson spelte alle instrumenta og song sjølv, hadde albumet forskjellige produsentar som Wire-medlemmane Bruce Gilbert og Graham Lewis, Ivo og Johnson sjølv. Fleire år seinare, etter ein førespurnad frå Johnson, vart dette albumet gjeve ut som eit The The-album for å skape ein heilskap av alle albuma hans.

Mot slutten av 1981 kom Colin Lloyd-Tucker og Simon Fisher-Turner med i bandet for ei rekkje akustiske The The-konsertar i London.

Soloåra (1982–1987)[endre | endre wikiteksten]

Når Johnson no var frigjort for bryet med demokratiet som ofte finst i eit band, kunne han ta The The til eit nytt nivå og brukte dei neste par åra på å samarbeide med forskjellige personar frå prosjekt til prosjekt.

Den neste singelen til The The var ei omarbeiding av «Cold Spell Ahead», no kalla «Uncertain Smile». Denne vart produsert i New York av Mike Thorne og nådde 68. plassen på singellista i Storbritannia. Denne versjonen skil seg frå den meir kjende albumversjonen og inneheld saksofon og fløyte spelt av Crispin Cioe i staden for pianoet til Jools Holland frå Squeeze på albumversjonen.

I 1982 vart det som var meint å bli debutalbumet til The The (The Pornography of Despair) spelt inn, men aldri offisielt miksa eller gjeve ut.[2] Johnson gav visstnok nokre kassettkopiar til vener, og fleire av songane vart seinare spelte inn på ny og gjevne ut som B-sider, men det originale albumet er aldri blitt miksa eller gjeve ut. Steve James Sherlock spelte fløyte og saksofon på nyinnspelignane av «Three Orange Kisses From Kazan» og «Waitin' For The Upturn», to songar frå albumet som sidan vart gjevne ut som B-sider.

I 1983 gav The The ut det offisielle debutalbumet sitt, synth-noir-klassikaren Soul Mining. Det inneheld ein mindre britisk hit, «This Is the Day», og ei nyinnspeling av «Uncertain Smile». Albumet vart produsert av Johnson og Paul Hardiman med gjestemusikarar som Orange Juice-trommeslagaren Zeke Manyika, Jools Holland, Thomas Leer og J.G. Thirlwell (òg kalla Foetus).

I den meir produktive perioden til The The, frå Soul Mining (1983) til Dusk (1992), vart dei fleste omslaga til albuma og singlane skapt av broren til Johnson, Andrew Johnson, som nytta pseudonymet Andy Dog. Omslaga har ein særeigen stil, og skapte stundom kontroversar, mellom anna då singelen «Infected» først kom ut, med bilete av ein masturberande djevel. Singelen vart trekt attende og gjeven ut på ny med ei redigert utgåve av den same teikninga.

For albumet Infected bestod The The framleis berre av Johnson, men hadde med seg studiomusikarar og vener som Manyika og Rip Rig + Panic-songaren Neneh Cherry. Albumet inneheldt fire singlar i Storbritannia som nådde den britiske singellista, mellom anna «Heartland», som nådde topp 30. Albumet vart òg uvanleg fordi det kom med ein langfilm. Infected: The Movie kosta fleire hundretusen pund og vart filma på stader i Bolivia, Peru og New York. Forskjellige songar vart regisserte av forkjellige regissørar, som Tim Pope og Peter 'Sleazy' Christopherson (frå Throbbing Gristle).

I 1986-1987 turnerte Johnson verda over med Infected: The Movie, og synte filmen i kinosalar i plassen for å halde konsertar. Heile filmen vart òg vist på Channel 4 i Storbritannia og på MTV-programmet 120 Minutes i USA. I 1987 gjorde Johnson òg nokre forsøk på å halde konsertar. Medan han marknadsførte Infected: The Movie i Australia møtte han tilfeldigvis Billy Bragg som overtalte han om å kome attende til Storbritannia og støtte Red Wedge, ein koalisjon av likesinna musikarar som støtta Labour Party i Storbritannia for den komande valkampanjen. Johnson gjekk med på dette og fekk med seg venen og samarbeidspartnaren Manyika til å spele konsertar i London, med nedstrippa versjonar av politiske The The-songar som «Heartland». Denne opplevinga overtydde Jonson om setje saman eit band igjen.

Attende til fullt band (1988–2002)[endre | endre wikiteksten]

I 1988 var The The eit faktisk band igjen, og Johnson hadde fått med seg den tidlegare Smiths-gitaristen Johnny Marr, den tidlegare Nick Lowe-bassisten James Eller og den tidlegare ABC-trommeslagaren David Palmer som fullverdige medlemmar. Denne besetninga, i tillegg til gjestesongaren Sinéad O'Connor, spelte inn albumet Mind Bomb, som debuterte på fjerdeplassen på UK Albums Chart og inneheld singelen «The Beat(en) Generation», som nådde 18. plassen på UK Singles Chart. Den første singelen frå Mind Bomb skulle opphavleg vere «Armageddon Days (are here again)» men med eit par linjer frå refrenget («Islam is rising, the Christians mobilising») og med kjenslene kring Salman Rushdie-saka som nettopp hadde oppstått, vart songen rekna som upassande av Epic/CBS.

Klaverspelaren D.C. Collard kom med i den offisielle besetninga i 1989. Klaverspelaren Steve Hogarth, som hadde spelt på Infected, vart først spurt, men takka nei og vart i staden den nye vokalisten i Marillion. Bandet la ut på ein lengre verdsturné i 1989–90 kalla The The Versus The World. Konsertfilmen med same namn, regissert av Tim Pope, vart filma i løpet av tre konsertar The The heldt i Royal Albert Hall i London mot slutten av turneen. Vokalisten Melanie Redmond, som nettopp hadde turnert verda over med Duran Duran, vart med på den europeiske delen av turneen.

I 1990 kom studio-EP-en Shades of Blue. Denne inneheld ein versjon av Fred Neil-songen «Dolphins» og Duke Ellington sin «Solitude», i tillegg til ein ny original song kalla «Jealous of Youth» og eit konsertopptak av «Another Boy Drowning» frå Burning Blue Soul. Denne og ein seinare EP med remiksar, Dis-infected frå 1993, vart sett saman til eit heilt album for den nordamerikansk marknaden i 1994, kalla Solitude.

I 1993 gav det fem mann store bandet (Johnson/Marr/Collard/Eller/Palmer) ut albumet Dusk, som debuterte på andreplassen på den britiske albumlista og inneheldt tre singlar som nådde topp 40 i Storbritannia. Bandet la ut på ein ny turné, kalla Lonely Planet, og besetninga endra seg i løpet av turneen. Marr og Eller slutta, og vart erstatta av gitaristen Keith Joyner og bassisten Jared Michael Nickerson etter at Johnson flytta bandet til Amerika. Munnspelspelaren Jim Fitting (tidlegare i Treat Her Right) kom òg med i bandet. Versjonen deira av hitten «This Is The Day» med Jim Fitting vart ofte kalla «That Was The Day». Palmer gav seg halvvegs gjennom turneen og vart erstatta av den tidlegare Stabbing Westward-trommeslagaren Andy Kubiszewski.[1] Bandet spelte på hovudscenen under Reading-festivaleln i 1993.

Ein ny langfilm, regissert av Tim Pope, vart laga for albumet. From Dusk Til Dawn vart filma i New Orleans og New York og i lag med Johnson og Johnny Marr inneheld han forskjellige personar frå undergrunnsmiljøet i New York, som sexologen Annie Sprinkle, forfattaren og forteljaren Quentin Crisp, Guardian Angels-grunnleggjaren Curtis Sliwa og pornostjerna Rick Savage.

The The flytta permanent til New York, og det neste prosjektet deira var Hanky Panky, eit album som berre bestod av Hank Williams-songar. Hanky Panky vart spelt inn av ei ny gruppe som bestod av Johnson, Collard, Fitting, den tidlegare Iggy Pop-gitaristen Eric Schermerhorn, bassgitaristen til David Bowie, Gail Ann Dorsey (omtalt som «Hollywood» Dorsey), og trommeslagaren «Reverend» Brian MacLeod. Coverversjonen deira av «I Saw the Light» nådde 31. plassen i Storbritannia.

I 1997 spelte The The inn det eksperimentelle albumet Gun Sluts, men det vart ikkje gjeve ut då selskapet meinte det var altfor ukommersielt.[2] The The braut den 18 år lange avtalen med Sony og flytta til Interscope, på etiketten til Trent Reznor, Nothing Records.

I 2000 gav The The, som no bestod av Johnson, Schermerhorn, Nashville-bassisten Spencer Campbell og New Jersey-trommeslagaren Earl Harvin, ut NakedSelf og la ut på ein lang verdsturné, Naked Tour, som varte i 14 månader. For utanom filmmusikkalbum er NakedSelf det siste studioalbumet The The har gjeve ut.

Den same besetninga spelte inn to nye songar, «Deep Down Truth», med Angela McCluskey på vokal og «Pillar Box Red». Begge songane vart produserte av Clive Langer og Alan Winstanley for samlealbumet 45 RPM: The Singles of The The i 2002.

I juni 2002 spelte The The den einaste konserten sin på Meltdown Festival i Royal Festival Hall i London, som gjester av David Bowie. På dette tidspunktet bestod bandet berre av Johnson og den langvarige venen og samarbeidspartnaren J.G. Thirlwell, òg kjend som Foetus på lydband og lydsløyfer, og den unge filmregissøren Benn Northover på film og video.[1]

Dette er den siste konserten The The har halde så langt. Johnson har skrive på den offisielle nettsida til The The at «Det er ingen planar om konsertar eller turnear i den nærmaste framtida, men det vil utan tvil kome ein ny The The-turné ein gong».[3]

Nyleg aktivitet (2003 til i dag)[endre | endre wikiteksten]

Sidan 2003 har den tilbaketrekte Johnson halde seg godt unna ålmenta og hovudsakleg konsentrert seg om filmmusikk for mange dokumentarfilmar, filmar og kunstinstallasjonar.

For den svenske filmskaparen Johanna St Michaels har musikken hans blitt nytta i Best Wishes Bernhard (prisvinnande dokumentarfilm frå 2003), Snapshots From Reality (nomineret til beste internasjonale kortfilm ved Birds Eye View filmfestival ved ICA 2007 i London), The Track (2007), Going Live (2008), The Island Amid the Worlds (2010) og Bilder av Dina (2010). Det siste samarbeidet mellom Johnson og St Michaels, Penthouse North hadde premiere ved Hot Docs Canadian International Documentary Festival i mai 2014.

I juni 2009 vart det annonsert at The The hadde laga original musikk til Gerard Johnson-filmen Tony. Filmen kom ut i februar 2010 til god kritikk. Filmmusikken vart gjeven ut på Cineola, som The The dreiv sjølv, i mars 2010, som volum 1 av fleire komande filmmusikk- og instrumentalalbum.

I mai 2014 skreiv The The ferdig musikken til ein ny Gerard Johnson-film, Hyena. Albumet med musikken kom ut 6. mars 2015 som det tredje i Cinéola-serien.

For den engelske regissøren Nichola Bruce har The The skrive musikk for dokumentaren One Man Show: Dramatic Art of Steven Berkoff (1995) og ein dokumentarfilm om månelandingane til Apollo, Moonbug,[4] som var ferdig hausten 2010 og vann juryprisen i 2011 ved Houston internasjonale filmfestival. Filmmusikken kom ut i 2012 som volum 2 på Cineola.

Je t'aime Infiniment, ein film av den libanesiske filmskaparen Corine Shawi og den danske regissøren Nikolaj Bendix Skyum Larsen var ferdig i 2010. Det siste filmsamarbeidet mellom Johnson og Larsen er End Of Season ein tyrkisk film som hadde premiere i Istanbul i januar 2014. The The skreiv musikk til begge.

The The-musikken har blitt brukt i mange filmar gjennom åra, frå kultklassikarar som Jürgen Muschalek-filmen (Muscha) Decoder («Three Orange Kisses From Kazan») og Gregg Araki-filmen Nowhere («Love is Stronger Than Death») til større filmar som Sylvester Stallone sin Judge Dredd («Darkness Falls»).

I mai 2007 gav The The ut ein nedlastbar singel på nettsida si, kalla «Mrs. Mac». Det var ein sjølvbiografisk song om den første skuledagen til Johnson i Stratford i Aust-London. Johnson spelte alle instrumenta sjølv.[5]

Samstundes vart det annonsert eit komande The The-album kalla The End of the Day med forskjellige songar frå katalogen til The The framført av somme av favorittartistane til Johnson, som Elysian Fields, J.G. Thirlwell, Thomas Leer, Elbow, Rob Ellis, John Parish, Anna Domino, Meja, Angela McCluskey, Ergo Phizmiz, «Rustin Man» eller Paul Webb og fleire.[5] Så langt er albumet framleis under arbeid, men ein kan høyre førehandsvisning på den offisielle nettsida til bandet.

Tidleg i 2015 fortalte Johnson til magasinet Uncut at han skreiv på det første vokalbaserte The The-albumet sidan Nakedself i 2000. Albumet vart då sagt å vere planlagt for utgjeving i 2016.

Medlemmmar[endre | endre wikiteksten]

Offisielle medlemmar[endre | endre wikiteksten]

Matt Johnson er det einaste permanente medlemmet i The The. Frå 1983 til 1988 (og igjen frå 2002 til i dag), var han det einaste offisielle medlemmet.

Offisielle bandmedlem har vore:

Samarbeidspartnarar[endre | endre wikiteksten]

Følgjande artistar var ikkje offisielle medlemmar av The The, men bidrog til forskjellige prosjekt med bandet.

Timeline[endre | endre wikiteksten]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Kommersielt utgjevne album[endre | endre wikiteksten]

  • Matt Johnson: Burning Blue Soul (1981)
    • Opphavleg gjeve ut i 1981 og 1983, tilskrive Matt Johnson. Utggjeve i 193 på ny som The The.
År Album Plassering Salstrofé
(salstal)
UK
[6]
AUS
[7]
AUT
[8]
NLD
[9]
NO
[10]
NZ
[11]
SWE
[12]
SWI
[13]
US
[14]
1983 Soul Mining 27 70 - 14 - 16 - - -
1986 Infected 14 15 - 46 14 12 20 - 89
1989 Mind Bomb 4 32 - 39 - 3 30 - 138
1993 Dusk 2 20 28 37 10 6 15 20 142
1995 Hanky Panky 28 - - - 17 - 22 50 -
2000 NakedSelf 45 - - - - - - - -
2010 Tony Filmmusikkalbum - - - - - - - - -
2012 Moonbug Filmmusikkalbum - - - - - - - - -
2015 Hyena Filmmusikkalbum - - - - - - - - -

Samlealbum[endre | endre wikiteksten]

Eksklusive The The-songar finst på følgjande samlealbum av forskjellige artistar:

  • Some Bizzare Album (1981)
  • If You Can't Please Yourself, You Can't Please Your Soul (1985)

Uutgjevne album, avgrensa utgåver og promoalbum[endre | endre wikiteksten]

Gjennom karrieren til The The/Matt Johnson finst det fleire heile album som aldri er blitt gjevne ut kommersielt. Trass i at dei ikkje finst på plata, har Johnson inkludert desse albuma i nesten alle offisielle diskografiar som bandet har skrive opp.

År Artist Tittel Merknad
Skildring Utgjevingsstatus
1978 Matt Johnson See Without Being Seen Eit soloprosjekt av Matt Johnson Særs avgrensa kassettutgåve, berre i sal på konsertar på den tida
1979 Matt Johnson Spirits Eit soloprosjekt av Matt Johnson Aldri gjeve ut. Ein song («What Stanley Saw») vart seinare lisensiert til Cherry Red Records for samlealbumet Perspectives & Distortion
1982 The The The Pornography of Despair Skrinlagt debutalbum. Aldri gjeve ut offisielt. Somme kassettkopiar vart gjevne til vener av Matt Johnson. Fleire songar vart seinare spelte inn på ny eller miksa på ny og nytta som B-sider og bonusspor på andre album.
1997 The The Gun Sluts Fullført album for Sony, som nekta å gje det ut. Part I av ein planlagt «New York»-trilogi; NakedSelf var Part II. Ikkje gjeve ut. Somme «rough mixes» har blitt strima på nettsida til The The
2000 The The Karmic Gravity Part III av «New York»-trilogien. Alternativ tittel: Two Blocks Below Canal Street. Innspelt, men ikkje miksa.
2002 The The Film Music Samlealbum med filmmusikk Berre promoutgjeving
2007 The The The End of the Day Samarbeidsprosjekt med mange andre artistar Annonsert som «komande» i mai 2007, men så langt ikkje gjeve ut.
2016 The The Ikkje namngjeve Eit påbyrja album med ukjend status Annonsert som «komande» i 2015, men ikkje gjeve ut så langt.

Singlar[endre | endre wikiteksten]

År Tittel Lister Album
UK Singles Chart[16] NZ
Singles Chart[17]
US
Modern Rock
AUS Singles Chart
1980 «Controversial Subject» - - - - -
1981 «Cold Spell Ahead» - - - - -
1982 «Uncertain Smile» 68 - - - Soul Mining
1983 «Perfect» 79 19 - - -
«Uncertain Smile (1983)» 100 - - 43 Soul Mining
«This Is the Day» 71 - - -
1986 «Sweet Bird of Truth» 88 - - - Infected
«Heartland» 29 - - -
«Infected» 48 - - 24
1987 «Slow Train to Dawn» 64 - - 95
«Sweet Bird of Truth (1987)» 55 19 - -
1989 «The Beat(en) Generation» 18 4 13 50 Mind Bomb
«Gravitate to Me» 63 27 15 -
«Armageddon Days Are Here (Again)» 70 - - -
«Kingdom of Rain» - - 16 -
1990 «Jealous of Youth» - - 7 - Solitude
1991 «Shades of Blue (EP)» 54 - - 87 -
1993 «Dogs of Lust» 25 16 2 70 Dusk
«Slow Emotion Replay» 35 - - -
«Love Is Stronger Than Death» 39 - 14 -
1994 «Dis-Infected (EP)» 17 - - - -
1995 «I Saw the Light» 31 - 24 - Hanky Panky
2000 «Shrunken Man» - - - - NakedSelf
2007 «Mrs Mac» - - - - -

[18]

Sjå òg: «Solitude» (EP) som kom ut i desember 1999 med remiksar av The The-songar, mellom anna «That Was the Day», ein versjon av hitsingelen deira, «This Is the Day».[19]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «This Is The The Day – Library». Thethe.com. http://www.thethe.com/sections/library/gigography/gigography.html. Henta 5. september 2016. 
  2. 2,0 2,1 The The Diskografi – Albums
  3. «Thethe.com». Thethe.com. http://www.thethe.com/forum/showthread.php?t=10. Henta 5. september 2016. 
  4. «Nicholabruce.com». Nicholabruce.com. http://nicholabruce.com/moonbug.html. Henta 5. september 2016. 
  5. 5,0 5,1 «British Band The The Release 'Mrs Mac' – Their First Single in Over Five Years». Billboardpublicitywire.com. http://billboardpublicitywire.com/releases/2007/5/prweb529230.htm. Henta 5. september 2016. 
  6. «Chart Stats - The The». theofficialcharts.com. http://www.theofficialcharts.com/artist/_/the%20the/. Henta 6. september 2016. 
  7. «Diskografi The The». Australian-Charts.com. http://australian-charts.com/showinterpret.asp?interpret=The+The. Henta 6. september 2016. 
  8. «Discographie The The». AustrianCharts.at. http://austriancharts.at/showinterpret.asp?interpret=The+The. Henta 6. september 2016. 
  9. «Discografie The The». DutchCharts.nl. http://dutchcharts.nl/showinterpret.asp?interpret=The+The. Henta 6. september 2016. 
  10. «Diskografi The The». norwegiancharts.com. http://norwegiancharts.com/showinterpret.asp?interpret=The+The. Henta 6. september 2016. 
  11. «Diskografi The The». Charts.ord.nz. http://charts.org.nz/showinterpret.asp?interpret=The+The. Henta 6. september 2016. 
  12. «Diskografi The The». SwedishCharts.com. http://swedishcharts.com/showinterpret.asp?interpret=The+The. Henta 6. september 2016. 
  13. «Diskografi The The». SwissCharts.com. http://hitparade.ch/showinterpret.asp?interpret=The+The. Henta 6. september 2016. 
  14. «Diskografi The The». billboard.com. http://www.billboard.com/artist/419283/artist/chart. Henta 6. september 2016. 
  15. "Certified Awards Search". British Phonographic Industry. Henta 6. september 2016. Merk: Må skrive «The The» i søkefeltet, «Artist» i «Search by»-feltet og klikke «Go». Vel «More info» ved sidan av albumet for å sjå heile historia.
  16. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 555. ISBN 1-904994-10-5. 
  17. Steffen Hung. «Charts.org.nz». Charts.org.nz. http://charts.org.nz/search.asp?cat=s&artist=the+the&artist_search=starts&title=&title_search=starts. Henta 5. september 2016. 
  18. Strong, Martin C. (2000). The Great Rock Diskografi (5th utg.). Edinburgh: Mojo Books. s. 982–983. ISBN 1-84195-017-3. 
  19. «Amazon.co.uk». Amazon.co.uk. http://www.amazon.co.uk/dp/B000002AMU. Henta 5. september 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]