Kelloe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kelloe
landsby
Land  England
Fylke County Durham
Kart
Kelloe
54°43′41″N 1°27′40″W / 54.728°N 1.461°W / 54.728; -1.461
Wikimedia Commons: Kelloe

Kelloe er ein landsby og eit civil parish i County Durham i England. Ved folketelljnga i 2011 hadde civil parish-området eit innbygjarartal på 1 502.[1] Staden ligg ved hovudvegen A177, 7 mile (11 km) søraust for Durham.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Landsbyen har namnet sitt etter familien Kelloe eller Kellaw. Richard Kellaw var biskop av Durham i 1311.[3]

Det blei danna nye landsbyar i området i samband med utbygginga av gruveindustrien. Folkesetnaden i Kelloe sokn, som opphavleg omfatta busetnadane i Kassop, Coxhoe, Quarrington, Thornley og Wingate, auka frå 663 til over 11 000 i 1848. Folketalet i Kelloe landsby blei verande lågt, med berre 156 innbyggjarar. På denne tida var landsbyen Kelloe ein busetnad kalla Town Kelloe som låg ei halv mile aust for den vesle bygda Church Kelloe.[3] Dagens landsby, som ligg vest for kyrkja, blei bygd på 1900-talet. Han låg delvis i Coxhoe parish fram til 1986, då det blei gjort grenseendringar; ein del av Quarrington Hill blei overført frå Kelloe til Coxhoe på same tid.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Civil Parish population 2011». Henta 31. januar 2016. 
  2. Hahn, Daniel; Robins, Nicholas (2008). «Kelloe». The Oxford Guide to Literary Britain & Ireland (på engelsk) (Oxford University Press). ISBN 978-0-19-861460-9. 
  3. 3,0 3,1 «Kelham - Kelton Pages 643-646 A Topographical Dictionary of England. Originally published by S Lewis, London, 1848.». 
  4. «The Durham (Parishes) Order 1986» (PDF). 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Kelloe