Orson Welles

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Orson Welles
Orson Welles 1937.jpg
Welles 1. mars 1937 (21 år gammal), fotografert av Carl Van Vechten
Verkeleg namn George Orson Welles
Fødd 6. mai 1915(1915-05-06)
Kenosha i Wisconsin i USA
Død

10. oktober 1985 (70 år)
Los Angeles i USA

Yrke
  • Skodespelar
  • regissør
  • forfattar
  • produsent
Aktive år 1931–1985
Orson Welles på Commons

George Orson Welles (6. mai 191510. oktober 1985) var ein USA-amerikansk skodespelar, regissør, forfattar og produsent, mest hugsa for det nyskapande arbeidet sitt innan radio, teater og film. Han vert rekna som ein av dei største filmskaparane gjennom tidene.[1]

Medan han var i 20-åra, regisserte Welles ei rekkje populære teaterproduksjonar for Federal Theatre Project, mellom anna ein variant av Macbeth med berre afroamerikanske skodespelarar og de politiske musikalen The Cradle Will Rock. I 1937 skipa han og John Houseman Mercury Theatre, eit sjølvstendig teaterselskap som presenterte ei rekkje produksjonar på Broadway fram til 1941, som Caesar (1937), ein Broadway-variant av William Shakespeare sitt Julius Caesar.

I 1938 gjorde radioserien The Mercury Theatre on the Air Welles internasjonal kjend som regissør av og forteljar i ein radioversjon av H.G. Wells-romanen The War of the Worlds, som skapte omfattande panikk blant lyttarane som trudde det faktisk var ein invasjon av romvesen som gjekk føre seg. Somme samtidige kjelder rapporterte om at panikken stort sett var falsk og overdrive,[2] men det var medverkande til at Welles vart kjend for veldig mange.

Den første filmen hans var Citizen Kane (1941), som ofte er rangert blant dei aller beste filmane som nokon gong er laga. Han var med å skrive manus, produserte, regisserte og spelte sjølv rolla som Charles Foster Kane. Welles regisserte tolv andre filmar, mellom andre The Magnificent Ambersons (1942), The Lady from Shanghai (1947), Touch of Evil (1958), The Trial (1962), Chimes at Midnight (1966) og F for Fake (1973).[3][4] Den markante regissørstilen hans bestod av lagvis og ikkje-lineær forteljing, bruk av lys som kontrasteffektar, uvanlege kameravinklar, lydteknikkar lånt frå radio, bilete i djup fokus og lange opptak. Han er blitt hylla som «den ultimate auteur».[5]:6

Welles stod utafor studiosystemet i USA og kjempa for kunstnarisk kontroll i prosjekta sine frå tidleg av med dei store filmstudioa i Hollywood og seinare i livet med forskjellige sjølvstendige finansfolk i Europa, der han var det meste av karrieren. Mange av filmane hans er anten kraftig redigerte eller ikkje kome ut. Somme filmar, som Touch of Evil, har blitt omhyggeleg omredigert ut frå notata hans. Med ei utvikling som dekte nesten 50 år, om den siste filmen til Welles, The Other Side of the Wind, ut i 2018.

Welles var gift tre gonger, mellom anna med Rita Hayworth, og hadde tre barn. Han var kjend for barytonrøysta si,[6] og Welles framførte mykje innan teater, radio og film. Han var òg magikar og heldt trylleshow for soldatar i krigsåra. I 2002 vart han kåra til den største filmregissøren gjennom tidene i to undersøkingar av British Film Institute blant andre regissørar og kritikarar.[7][8] I 2018 va han me på ei lisste over dei 50 beste Hollywood-skodespelarane gjennom tidene av The Daily Telegraph.[9]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Orson Welles is Dead at 70; Innovator of Film and Stage». The New York Times, October 11, 1985. Henta 28. mars 2020. 
  2. Bartholomew, Robert E. (2001). Little Green Men, Meowing Nuns and Head-Hunting Panics: A Study of Mass Psychogenic Illness and Social Delusion. Jefferson, N.C.: McFarland. ISBN 978-0-7864-0997-6. Henta 28. mars 2020. 
  3. «List-o-Mania, or, How I Learned to Stop Worrying and Love American Movies». Jonathan Rosenbaum. 25. juni 1998. Arkivert frå originalen 28. april 2016. Henta 28. mars 2020. 
  4. «Great Movie: Chimes at Midnight». Roger Ebert. 4. juni 2006. Henta 28. mars 2020. 
  5. Rosenbaum, Jonathan, Discovering Orson Welles. Berkeley and Los Angeles, California: University of California Press, 2007 ISBN 0-520-25123-7
  6. Christley, Jaime N. (2003). «Orson Welles». Senses of Cinema. Arkivert frå originalen 14. september 2012. 
  7. «Sight & Sound |Top Ten Poll 2002 – The Directors' Top Ten Directors». BFI. 5. september 2006. Arkivert frå originalen 13. oktober 2018. Henta 28. mars 2020. 
  8. «Sight & Sound |Top Ten Poll 2002 – The Critics' Top Ten Directors». BFI. 5. september 2006. Arkivert frå originalen 3. mars 2016. Henta 28. mars 2020. 
  9. «The 50 greatest actors from Hollywood's Golden Age». The Daily Telegraph (på engelsk). 25. juni 2018. ISSN 0307-1235. Henta 28. mars 2020. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Orson Welles