Kent Olsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kent Olsson
Statsborgarskap Sverige
Fødd 1958 (66 år)
Idrett orientering
Utmerkingar

Q10524027

Kent Olsson (fødd 1958) er ein svensk tidlegare orienteringsløpar. Han vart verdsmeister i 1987, året etter han vann den aller fyrste verdscupen i orientering.

Olsson fyrste VM-medalje kom då Sveriges stafettlag i 1983 kom på bronseplassen i ungarske Zalaegerszeg. Fire år seinare, i franske Gérardmer, vann han gullmedaljen, 59 sekund framom norske Tore Sagvolden. I 1989 fekk Olson sølvmedalje både individuelt og i stafett. To nye sølvmedaljar sikra han seg under VM 1991 i dåverande Tsjekkoslovakia, då på klassisk-distanse og kort-distanse. Frå nordiske orienteringsmeisterskap fekk Olsson med seg to stafettsølv og ein individuell bronsemedalje.

Med 117 poeng gjekk Olsson i 1986 til topps i den fyrste utgåva av Verdscupen i orientering, 5 poeng føre Øyvin Thon. I 1984 vann Olsson femdagars-tevlinga O-Ringen.

Medaljar og plasseringar i verdsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • VM 1983: Nr 7 individuelt, bronse i stafett
  • VM 1987: Gullmedalje individuelt, bronse i stafett
  • VM 1989: Sølv individuelt og i stafett
  • VM 1991: Sølv i klassisk- og kort-distanse
  • VM 1993: Nr 4 i klassisk-distansen

Kjelder[endre | endre wikiteksten]