Keynsham
Utsjånad
| Keynsham | |||
| by | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Somerset | ||
| Distrikt | Bath and North East Somerset | ||
| Folketal | 16 641 (2011) | ||
| Postnummer | BS31 | ||
| Retningsnummer | 0 117 | ||
![]() Keynsham 51°24′49″N 2°29′48″W / 51.4135°N 2.4968°W | |||
| Wikimedia Commons: Keynsham | |||
Keynsham er ein by i grevskapet Somerset i England. Han har kring 17 000 innbyggjarar og ligg mellom Bristol og Bath i Sørvest-England. Han vart oppført i Domesday Book som Cainesham, som ein trur tyder «heimen til St. Keyne».

Foto: Roger Cornfoot
Området kring byen har vore busett sidan førhistorisk tid og her finst òg spreidd restar etter romarane. Han vart ein marknadsby i mellomalderen etter at Keynsham Abbey vart grunnlagd kring 1170. Han ligg ved staden der elvane Chew og Avon renn saman og har vore råka av kraftige flaumar fleire gonger. Chew Valley Lake vart derfor skapt for å kontrollere vasstanden i elva. Den store flaumen i 1968 sette store delar av byen under vatn.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Keynsham» frå Wikipedia på engelsk, den 19. juli 2011.
