Khawr Abd Allah

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Khawr Abd Allah
خور عبد الله
estuar
Land  Irak,  Kuwait
Koordinatar 29°59′00″N 48°12′36″E / 29.98333°N 48.21000°E / 29.98333; 48.21000
Kart
Khawr Abd Allah
29°59′00″N 48°12′36″E / 29.98333333°N 48.21°E / 29.98333333; 48.21

Khawr Abd Allah (arabisk خور عبد الله) er i dag eit estuar, men var ein gong staden der Eufrat og Tigris (Shatt al-Arab) munna ut i Persiabukta. Det ligg sør i Irak og grensa mellom Irak og Kuwait går gjennom den nedre delen av estuaret, men nær hamnebyen Umm Qasr går estuaret inn i Irak. Shatt al-Arab er i dag staden der elvane munnar ut, aust for Khawr Abd Allah. Nordover i Irak skiftar estuaret namn til Khawr az-Zubayr ved Umm Qasr. Frå dette punktet går det ein kanal nordvest og ut sjølve Tigris og Eufrat. Estuaret dannar den nordaustlege kystlinja frå Jazirat Bubiyan og den nordlege kystlinja av Jazirat Warbah.[1] Begge desse øyane er offisielt ein del av Kuwait, men Irak har gjort krav på dei.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «'Abd Allah Khawr». Encyclopedia Britannica. I: A-Ak - Bayes (15th utg.). Chicago, IL: Encyclopedia Britannica, Inc. 2010. s. 16. ISBN 978-1-59339-837-8. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]