Khirbet Tin Nur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Khirbet Tin Nur
خربة تين نور, Khirbat at-Teen Nour
by
Land  Syria
Guvernement Homs guvernement
Distrikt Homs-distriktet
Nahiyah Khirbet Tin Nur
Koordinatar 34°42′2″N 36°33′26″E / 34.70056°N 36.55722°E / 34.70056; 36.55722
Høgd 530 m
Folketal 2 726  (2004)
Tidssone EET (UTC+3)
Kart
Khirbet Tin Nur
34°42′02″N 36°33′26″E / 34.70055556°N 36.55722222°E / 34.70055556; 36.55722222

Khirbet Tin Nur (arabisk خربة تين نور, òg skrive Khirbat at-Teen Nour) er ein by sentralt i Syria i Homs guvernement, vest for Homs. Av stader i nærleiken finn ein Homs i aust, Qattinah i søraust, Khirbet al-Sawda i sør, Khirbet Ghazi i sørvest, Khirbet al-Hamam i vest, Umm al-Adam i nordvest og Khirbet Tin Mahmoud i nord. I følgje Statistisk sentralbyrå i Syria (CBS), hadde Khirbet Tin Nur eit folketal på 2 726 i 2004. Han er det administrative senteret i ein nahiyah («underdistrikt») som består av 43 stader med eit samla folketal på 52 879 i 2004.[1] Byen dekkjer eit areal på 163 hektar.[2]

Namnet på byen tyder «Ruinane av fikenane til Nur», har opphavet sitt i gamlebyen som var kjend for dei mange fikenhagane. Dei fleste trea har sidan blitt fjerna og gamlebyen er i dag dekt av kratt. Den moderne byen vart bygd sør for ruinane.[2] Tidleg i 1960-åra vart husa i Khirbet Tin Nur bygde i basaltisk lavastein.[3]

I følgje den sveitiske forskaren Max van Berchem tidleg på 1900-talet låg ruinar av ei arabisk festning frå mellomalderen like utanfor Khirbet Tin Nur.[4] Denne festinga finst ikkje lenger i dag.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Folketeljing 2004 Arkivert 2012-12-28 ved Archive.is. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Homs guvernement. (arabisk)
  2. 2,0 2,1 2,2 Yazigi, Zahir. خربة التين نور بلدة التين ومئات السنين. E-Syria. 2011-02-20.
  3. Boulanger, 1966, s. 355.
  4. Hunyadi, s. 73.