Khust
| Khust | |||
| Хуст | |||
| by | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Oblast | Zakarpattja oblast | ||
| Høgd | 164 moh. | ||
| Koordinatar | 48°10′53″N 23°17′52″E / 48.18139°N 23.29778°E | ||
| Areal | 22 km² | ||
| Folketal | 28 039 (2022) | ||
| Folketettleik | 1 275 / km² | ||
| Grunnlagd | 1090 | ||
| • Innlemma | 1329 | ||
| • Bystatus | 1946 | ||
| Borgarmeister | Mykhailo Djanda | ||
| Tidssone | CET (UTC+1) | ||
| • Sommartid | CEST (UTC+2) | ||
| Postnummer | 90400 | ||
| Retningsnummer | +380-3142 | ||
![]() Khust 48°10′53″N 23°17′52″E / 48.181388888889°N 23.297777777778°E | |||
| Wikimedia Commons: Khust | |||
| Nettstad: Khust byportal | |||
Khust (ukrainsk og russisk Хуст, rumensk Hust, ungarsk Huszt, tsjekkisk og slovakisk Chust, jiddisk חוסט) er ein by ved elva Khustets i Zakarpattja oblast (provins) vest i Ukraina. Han ligg nær samløpet mellom elvane Tisza og Rika. Han er det administrative senteret i Khust rajon (distrikt), medan sjølve byen har status som eit eige rajon i oblastet. Byen har kring 29 000 innbyggjarar.
Khust var hovudstad i den kortvarige repubilikken Karpato-Ukraina.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Busetnaden vart først nemnd som Huszth i 1329. Borga vart bygd i 1090 av St. Ladislaus som forsvar mot kumanane. Ho vart øydelagt under mongolinvasjonen av Ungarn og bygd opp att i 1318. Byen fekk sine eigne privilegium i 1329. I 1524 vart området ein del av Transilvania. Armeen til Ferdinand I erobra byen i 1546. I 1594 vart byen øydelagd av tatarane, men borga stod framleis. Borga vart kringsett i 1644 av armeen George I Rákóczi i 1657 av den polske, i 1661-1662 av dei osmanske tatarar hordane.
I 1703 vart sjølvstendet til Transilvania erklært her. Det var den siste borga habsburgarane okkuperte då dei slo attende i 1711. Borga vart alvorleg skadd under eit lynnedslag og ein brann 3. juli 1766 og eit uvêr tok ned tårnet i 1798 og har lege i ruinar sidan den gong. Huszt fekk namnet Csebreny i 1882 under madjariseringa. Etter første verdskrigen tok Romania over området sommaren 1919., men i følgje St. Germain-traktaten fekk Tsjekkoslovakia byen som ein del av den nye regionen Podkarpatsko (Under Karpatane). Tsjekkoslovakia måtte gje regionen stort sjølvstende, men dette vart ikkje realisert før i 1938. Dagen etter at Tsjekkoslovakiaia kollapsa den 14. mars 1939, erklærte styret i regionen sjølvstende i Khust, men dette vart ikkje anerkjend av andre statar. Ungarske soldatar rykte inn 16. mars og 24. oktober 1944 okkuperte sovjetiske soldatar byen, som då vart innlemma i Sovjetunionen. Sovjetarane sendte bort dei fleste tyske og ungarske innbyggjarane. Sidan den gong har Khust vore ein del av Ukraina.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Khust» frå Wikipedia på engelsk, den 1. oktober 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- All about Khust City - inkludert bilete av byen og borga


