Kilboghamn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kilboghamn
Land Flag of Norway.svg Noreg

Kilboghamn
66°28′0″ N 13°13′0″ E

Kilboghamn er ein ferjestad langs Fylkesveg 17 på vestsida av Sørfjorden heilt sør i Rødøy kommune i Nordland.

Herifrå driv Torghatten Nord ferjesambandet Jektvik-Kilboghamn,[1] som ein del av kystriksvegen. Forutan Jektvik legg ferja òg til ved Sørfjorden. Kilboghamn er òg med i ferjesambandet Rødøybassenget, som går ut til øyane Gjerøya, Rødøya, Nordnesøy, Storselsøy og Selsøyvik.

Næraste bygdene til Kilboghamn er Øresvik i Rødøy og Konsvikosen i Lurøy.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ruteinfo ved torghatten-nord.no, vitja 22. mai 2020.