Kim Zmeskal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kim Zmeskal


Statsborgarskap USA
Fødd 6. februar 1976 (48 år)
Houston
Idrett turn
Tok del i

Sommar-OL 1992

Kimberly Lynn Zmeskal (fødd 6. februar 1976) er ein USA-amerikansk tidlegare turnar frå Houston i Texas. Ho vart verdsmeister 1991 i mangekamp og 1992 på bom og i frittståande.

Zmeskal gjekk heilt til topps i mangekampen under verdsmeisterskapen 1991 i Indianapolis. I den same meisterskapen fekk ho sølv i lagtevlinga med USA sitt mannskap, og ho tok bronsemedaljen i frittståande. Året etter sigra ho både i bom-øvinga og i frittståande ved Turn-VM 1992 i Paris. Nokre månader seinare kom ho og USA sitt lag på bronseplassen i lagtevlinga i Sommar-OL i Barcelona, individuelt enda ho på sjetteplass i frittståande.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]