Kimchi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kimchi

Kimchi (hangul 김치|) er ein koreansk matrett, beståande av fermenterte grønsaker og iblant reker eller andre små sjødyr. Grønsakene varierer, men basisen er ofte kinakål saman med kvitlauk, reddik og frisk, raud chilipepar. Kimchi har ein sterk smak og duft og er nærast obligatorisk tilbehøyr til eit koreansk måltid.

Kimchi kan etast direkte, eller laga til saman med andre ingrediensar for å lage forskjellige retter. Nokre eksempel er kimchigryte (kimchi jjigae) og steikt ris med kimchi (kimchi bokkeumbap). Fordi kimchi er både smaksrik og sunn, har retten blitt stadig meir populær rundt om i verda.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Krukker brukt til lagring av kimchi.

Historia til kimchi kan sporast langt tilbake i tid. Kimchi blei omtalt så tidleg som for 2600–3000 år sidan.[1] Det fyrste skriftlege beviset for eksistensen til kimchi fins i den fyrste kinesiske diktsamlinga, ShiKyung. I denne boka vert kimchi kalla for «ji», nemninga som blei brukt før han blei kjend som «chimcahe».[2]

Den tidlegaste typen kimchi bestod berre av salta grønsaker. Det var på 1100-talet at folk byrja å ha i andre typar krydder for å skape andre smakstypar og farger, slik som sur og søt smak, og kvit og oransje farge.[3]

Det var ikkje før tidleg på 1600-talet at den noverande kimchitypen oppstod. Han bestod av salta kinakål krydra med sterk chilipepar.[4] Chilipepar var ukjend i Korea fram til tidleg på 1600-talet. Dette blei importert frå Japan eller Kina, der vestlege handelsmenn bringa det med seg fyrst.

Etter å ha krydra den salta kinakålen, vert kimchi lagra i ein behaldar i omtrent tre dagar før han er ferdig fermentert. Avhengig av individuelle preferansar kan lagringstida variere, og kimchien vil dimed få ein smak som kan vere alt frå tam til sur. Denne typen kimchi blei populær på 1800-talet. Han blir kalla baechu kimchi, og er fortsatt den vanlegaste og mest populære typen kimchi.

Tradisjonelt blei kimchi fermentert i keramikkrukker gravne ned i bakken. Om vinteren sørga denne forma for lagring av kimchi, kjend som kimjang, for at koreanarane kunne nyte kimchi i vintermånadane når ferske grønsaker ikkje var tilgjengelege.[3]

Anna[endre | endre wikiteksten]

  • Mange koreanarar lagrar kimchi i eit eige kjøleskap som er laga for å oppbevare kimchien under ein optimal temperatur, slik at fermenteringa blir riktig.[5]
  • Når ein tek bilete, seier sørkoreanarane ofte ordet «kimchi» på same måte som når engelskspråklege seier «cheese».[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Kimchi Expo 2003». Arkivert frå originalen 13. november 2015. Henta 1. mars 2007. 
  2. Hankyorei21
  3. 3,0 3,1 «Kimchi Museum – offisiell side». Arkivert frå originalen 17. oktober 2007. Henta 1. mars 2007. 
  4. Yoon, Sook Ja. «Good Morning, Kimchi». oversatt av Young-hie Han.
  5. «Thinking Locally, Succeeding Globally» – artikkel i cnnmoney.com
  6. Food in Korea – artikkel i asianinfo.org
  7. Korea Casts an Eye Heavenward Arkivert 27. januar 2007 på Wayback Machine. – artikkel i WiredNews

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]