Kings Bay-saka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kings Bay-saka er nemninga på ei ulykke der 21 menneske mista livet i Kongsfjord-gruvene på Svalbard den 5. november 1962. Årsaka til ulukka er framleis uklår, men det vert spekulert i at kombinasjonen mellom ein høg konsentrasjon av metangass og ei gruve som var i dårleg stand var den utløysande faktoren.

Sommaren 1963 vart Tønseth-rapporten om Kings Bay presentert. Den viste til grove brot på tryggingsforskriftene, og leia den borgarlege opposisjonen i Stortinget til å fremje eit mistillitsframlegg mot den sitjande regjeringa. Framlegget vart vedteke med 76 mot 74 stemmer, og Gerhardsen gjekk av. Han vart følgd av ei regjering som var samansett av fire borgarlege parti, med John Lyng som statsminister. Den nye regjeringa fekk ikkje sitje lenger enn i fire veker, då regjeringserklæringa ikkje fekk positiv tilslutning frå Stortinget, og Gerhadsen vart ny statsminister igjen.

I begge avstemmingane var dei to røystene Sosialistisk Folkeparti hadde i Stortinget avgjerande.