Hopp til innhald

Kinlochleven

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kinlochleven
Ceann Loch Lìobhann
landsby
Land  Skottland
Region Highland
Folketal 810 (2016)
Postnummer PH50 4
Kart
Kinlochleven
56°42′48″N 4°57′55″W / 56.713248°N 4.965287°W / 56.713248; -4.965287
Wikimedia Commons: Kinlochleven

Kinlochleven (skotsk-gælisk Ceann Loch Lìobhann) er ein landsby i distriktet Lochaber i regionen Highland i Skottland. Byen blir delt i to av ei lita elv. Den sørlege delen heiter Kinlochleven, medan den nordlege heiter Kinlochmore. Byen ligg ved enden av Loch Leven, som trass namnet ikkje er ein innsjø men ein fjordarm som består av saltvatn. Landsbyen har i dei siste åra vorte ein svært populært stoppestad for fotturistar som går den berømte West Highland Way.

Årleg har landsbyen besøk av rundt 100 000 turistar og er i dag ein av dei fem mest vitja stadane i Skottland. Tidlegare var det industrien, og då særleg aluminiumsverket som bar byen økonomisk. I dag har turismen naturleg nok teke meir over som hovudnæring.

Det bur rundt 800 innbyggjarar i landsbyen, fordelt på omkring 420 husstandar. Svært mange av dei desse livnærer seg ekstra ved å drive ein Bed and Breakfast for dei mange vandrarane.

Ice Factor slik han framstår i dag.
Kinlochleven slik ein ser det frå fjella i nord.

Attraksjonar

[endre | endre wikiteksten]

Naturen rundt Kinlochleven er det dei fleste turistane valfartar for å oppleve. Med nærleiken til mektige Glen Coe i sør, og fjellvegen til Fort Williman nordover, er vala mange.

Ice Factor er den mest kjende attraksjonen i byen og er det høgaste isklatresenteret innandørs i verda. I tillegg til klatreveggen av is, finst det fleire andre vanlege klatrevegger med ulik vanskegrad. Inne i Ice Factor finn ein òg ein bistro og ein kafeteria.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Kinlochleven