Loch Leven i Highland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Det finst òg ein Loch Leven, ein innsjø, i Perth and Kinross der Loch Leven Castle ligg.
Loch Leven
Sørsida av Loch Leven, sett vestover.

Loch Leven (skotsk-gælisk Loch Lìobhann) er ein sea loch på vestkysten av Skottland.

Loch Leven har ei lengd på 14 km og er mellom 200 til 1,8 km brei. Han har opning mot Ballachulish Bay, ein del av Loch Linnhe, i vestsenden. Det ligg fleire småøyar i fjorden, nokre klippete, nokre med røsslyng og andre berre med gras. Desse ligg nær munningen til fjorden.

Loch Leven ein sommardag

Landsbyen Glencoe ligg på sørsida. Gravastaden til MacDonald-klanen i Glencoe ligg på øya Eilean Munde eller St. Mungo's Island, tvers ovanfor landsbyen. Gravplassen vart òg delt med Cameron-klanen av Callart på nordsida av fjorden.

Landsbyen Kinlochleven ligg inst i fjorden. Han låg opphavleg veg vegen nord til Fort William, som gjekk langs vegen, men ei bru vart bygd over munningen av fjorden ved Ballachulish i 1975.

Under Ballachulish Bridge, ved inngangen til fjorden er han smal, og dette har gjeve opphav til namnet Ballachulish («busetnaden ved passasjen»). Her er tidvasstraumen kraftig og opp mot sju knop. Ein kan segle inn fjorden til Kinlochleven, der ein tidlegare brukte å føre bauksitt til smelteomnen der før han vart lagt ned.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 56°41′26″N 5°7′6″W