Kinn sokn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 61°35′56″N 5°1′40″E

Kinnakyrkja frå 1100-talet.
Foto: Nina Aldin Thune
Florø kyrkje vart innvigd i 1882.

Kinn er eit kyrkjesokn i Sunnfjord prosti i Den norske kyrkja. Soknet femner vestre delen av Flora kommune med mellom anna Florø by og øyene utom. Opphavleg var det mellomalderkyrkja Kinn kyrkje som står plassert ut mot havgapet og seglingsleia nordvest på øya Kinn som var soknekyrkje. Kinnakyrkja er ei steinkyrkje frå 1100-talet.[1] Då Florø vart ladestad og folketalet der voks vart det etter kvart bygd kyrkje der, og Florø kyrkje har sidan 1882 vore soknekyrkje i soknet.[2] I tillegg til dei to kyrkjene er Askrova bedehuskapell på øya Askrova og Batalden bedehuskapell på Fanøya i øygruppa Batalden vigsla til gudstenestebruk.

Kinn sokn grensar til Frøya sokn og Midtgulen sokn i nord, Nordal sokn og Bru sokn i aust og Askvoll sokn i sør.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]